Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Solheim (Lesjaverk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Solheim. Foto: Arnfinn Kjelland.

Forsamlingshuset Solheim ligg nokre hundre meter vest for Lesjaverk stasjon på Raumabanen. Førebuingane til bygging av huset starta i februar 1917 med eit møte for alt bygdefolket, der det vart bestemt å bygge eit felles hus for dei to skulekretsane Sletten og Verket. Med i etableringsfasen var Lesjaverk ungdomslag, Fråhaldslaget Verkets Vel, Lesjaverk Arbeidarforening og kanskje òg andre.

Det vart brot i samarbeidet ved at arbeidarforeninga trekte ut i februar 1918, men arbeidet med bygging av huset kom i gong likevel same året. Skogeigarane i kretsane gav stokkar eller bord i samsvar med kor mykje skog dei eigde. 14. desember i 1918 vart det første møtet i huset halde, og 20. januar 1919 var den offisielle opninga.

Kjelde

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy