Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1814
Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1814 var prega av at to haugianarar, Ole Svanøe og Torgeir Næss, vart valde. Ingen av dei som representerte amtet på Riksforsamlinga, vart valde ved dette valet.
Stortinget var innkalla av kong Kristian Fredrik 16. august. Mossekonvensjonen med Sverige 14. august hadde slege fast at det skulle kallast inn eit overordentleg Storting.
Valet vart halde 23. september 1814 på Vange i Vik i huset til konstituert amtmann Rasmus Endresen, same staden som valforsamlinga våren 1814 var halden. 58 valmenn møtte.
Valde representantar
Verv | Namn/tittel | Prestegjeld |
---|---|---|
1. representant | Sokneprest Niels G. A. Dahl | Eivindvik |
2. representant | Gardbrukar Torgeir Næss | Luster |
3. representant | Borgar og gardbrukar Ole T. Svanøe | Kinn |
4. representant | Gardbrukar Erik Olsen Nord | Eid |
Representantane møtte på det fyrste overordentlege Stortinget som kom saman i Kristiania 7. oktober og vart oppløyst 26. november 1814.
Valmenn
Det var 21 prestegjeld i Nordre Bergenhus amt i 1814, og talet på valmenn frå kvart prestegjeld var avhengig av talet på røysteføre i prestegjeldet. Nokon protokoll frå møtet er ikkje kjend, så lista byggjer på fullmakta som vart innsend til Stortinget. Der går det korkje fram kva prestegjeld valmennene representerte eller kva yrke dei hadde, med nokre få unntak. Opplysningane om prestegjeld og yrke er difor sette til her (ufullstendig, basert på opplysningar frå andre val, fullmaktsunderskriftene våren 1814 og søk i Digitalarkivet).
Den einaste på møtet som hadde vore til stades på riksforsamlinga, var Bøyesen, og han hadde ikkje delteke der som representant. Det var heller ikkje mange av valmennene frå amtsvalet til riksforsamlinga 30. mars som kom att på valmøtet 22. september.
Berre sju av dei 60 valmennene var embetsmenn. Det var kring 40 embetsmenn i Sogn og Fjordane i 1814.
Nr | Underskrift amtsfullmakt | Prestegjeld | Yrke | Andre ombod/merknad |
---|---|---|---|---|
1 | Hr. Niels G. A. Dahl | Eivindvik | sokneprest | |
2 | Torger Halvorsen Næss | Luster | «Bondemand» | |
3 | Ole Torgersen Svanøe | Kinn | «Borger og Gaardmand» | |
4 | Erik Olsen Nord | Eid | «Bonde og Dannebrogsmand» | |
5 | R. Endresen | «constitueret Amtmand» | Ikkje valmann, styrte valet. B. Erichsen i Stortinget si avskrift må vere feil | |
6 | Severin Lohmann | Selje | major | |
7 | H. Horn | |||
8 | N. Landmarq | Ytre Holmedal | sorenskrivar | |
9 | P: Pavels | Gloppen | sokneprest | |
10 | C W Kamstrup | Sogndal | sokneprest | |
11 | UF Bøyesen | Lærdal | sokneprest | valmann våren 1814 |
12 | L. Daae | Leikanger | personleg kapellan | valmann våren 1814 og i 1815 |
13 | C. H. Olsen | |||
14 | J. Ohnstad | Aurland | lensmann | valmann 1815 |
15 | Peder Helmers. Flarøen. | Kinn? | Peder Jenssen Florøen? | |
16 | Lars Axelsen Hauchaase | Kinn | gardbrukar | |
17 | Ole Pedersen Vig | |||
18 | Berge Peders. Resnes | Eid | gardbrukar | |
19 | Eilef Absalons. Syrhelle | Davik | gardbrukar | |
20 | Lars Christensen Ous | Eid | gardbrukar | |
21 | Lars Olss. Nedrehouge | |||
22 | Rasmus Rasmuss. Torvig | Eid | gardbrukar | valmann 1815 |
23 | Søren Vittrup | |||
24 | Absalon Olss. Wereide | Gloppen | gardbrukar | |
25 | Ole Nilssøn Bøe | Gloppen? | gardbrukar | |
26 | Peder Olsson Schodden | Innvik | gardbrukar | |
27 | Peder Rasmussøn Bruland | Innvik | gardbrukar | |
28 | Hans Thorson Avlem | Innvik | gardbrukar | |
29 | Cornelius Corneliusson Kirkeide | Innvik | gardbrukar | |
30 | Iver Aamundson Berge | Innvik | gardbrukar | |
31 | Haldor Paulsøn Krogenes | Selje | gardbrukar | |
32 | Knud Peders. Aarevig | Selje | gardbrukar | |
33 | Mons Anderssen Biergen | Ytre Holmedal | sersjant | |
34 | Johannes Johanness. Rachneberg | Ytre Holmedal? | ||
35 | Mads Olss. Grønhaug | Indre Holmedal | gardbrukar | valmann våren 1814 |
36 | Rognald Olsson Doscheland | Indre Holmedal | gardbrukar | |
37 | Nils Olsson Ordahl | Jølster | gardbrukar | |
38 | Nils Larson Giesdahl | Jølster | gardbrukar | |
39 | Jacob Berentson Schreede | Jølster | gardbrukar | |
40 | Erich Erichson Halbrend | Førde | gardbrukar | |
41 | Lars Jacobson Vefring | Førde | gardbrukar | valmann 1815 |
42 | Christian Andersson Høgset | Førde | gardbrukar | |
43 | Annaneas Marqvarsøn Fremerrvig | |||
44 | Bertel Andersen Leerpold | Askvoll | gardbrukar | |
45 | Peder Mechelsøn Kumble | Førde | gardbrukar | |
46 | Christen Christens. Alvig | Askvoll | gardbrukar | |
47 | Peder Abrahamsøn Steenhofden | Kinn | gardbrukar | valmann våren 1814 |
48 | Hermund Ellendson Hundere | Sogndal | gardbrukar | valmann 1815 |
49 | Ole Larsson Flugheim | Sogndal | gardbrukar | |
50 | Ole Rasmusson Feedt | Hafslo | gardbrukar | valmann 1815 |
51 | Ole Nilsson Ochlevig | Hafslo | gardbrukar | |
52 | Rasmus Hansson Hellegaard | Jostedal | ||
53 | Otto Hanssøn yttre Torvund | Lavik | gardbrukar | |
54 | Joen Lasseson Dyhrdahl | Lavik | gardbrukar | |
55 | Joen Johannesson Bredvig | Eivindvik | gardbrukar | |
56 | Iver Hanssøn Lien | Eivindvik | gardbrukar | |
57 | Ole Rasmussøn Eide | Eivindvik | gardbrukar | |
58 | Lars Nilssøn Fosse | Leikanger | gardbrukar | |
59 | Tøger Hanssøn | Lærdal | gardbrukar | valmann 1815 |
60 | Ole Rognaldsøn Hopperstad | Vik | gardbrukar | valmann våren 1814 |
61 | Ole Iversøn Dahle | Vik, Leikanger, Davik eller Eivindvik? |
Kjelder og litteratur
- Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
- Forhandlingsdokumenter fra høsten 1814, 2. Bilag 1-301 til Stortingets forhandlingsprotokoll, Bilag 4 (Nordre Bergenhus amt), stortinget.no.
- Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 1. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 20 (Digital utgåve, NBdigital).