Sykkylven kulturhus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kulturhuset i Sykkylven.
Foto: Sykkylven kommune

Sykkylven kulturhus stod ferdig til bruk i 1969. Dei første åra gjekk det under namnet Sykkylven samfunnshus. Det var Sykkylven frilynde ungdomslag som var hovuddrivkraft bak bygginga. Fram til 1969 hadde laget halde til i ungdomshuset Valhall. Valhall stod der Intersport B.S. Aure er i dag. Valhall vart bygd i 1914 og i slutten av 1950-åra var det behov for ein større og kostbar reparasjon. Laget kom til at nytt bygg på ny tomt ville vere det beste, og tomt vart kjøpt på eit stykke aust for staden der Sykkylvsbladet ligg i dag.

Ungdomslaget hadde ein del midlar som kunne settast inn i eit nytt hus. I 1939 starta ungdomslaget og Aure Sanitets Gjentelag kinodrift i Valhall med 50 % eigardel kvar. I utgangspunktet var det tenkt at overskotet av kinodrifta skulle gå til bygging av folkebad. I åra etter krigen fekk folk flest baderom i eigne husvere, trongen for eit offentleg bad var derfor ikkje lenger påtrengande. Pengane kunne difor nyttast til andre prosjekt, og bygging av eit nytt samlingshus vart eit slikt prosjekt. For ungdomslaget var det viktig å få løyst laget sitt eige husproblem, så lenge Valhall tydeleg ikkje stetta dei krav ein måtte stille til eit moderne samlingshus. Det passa elles godt at kommunen på same tid arbeidde med planar om bygging av ein gymnastikksal til ungdomsskulen. Dermed modnast tankane om eit samfunnshus i kombinasjon med gymnastikksal og symjehall.

Synfaringar

Det var personar i ungdomslaget og i Aure Sanitets Gjentelag som var dei viktigaste drivkreftene i førebuingsarbeidet for eit nytt samfunshus. Eit arbeidsutval kom i arbeid i 1962. Frå ungdomslaget var desse med i utvalet: Karl J. Eidem, Leonhard Hole, Erling Lillevik og Torleif Tynes. Frå sanitetsforeininga var Kirsti Gjerde med. Arbeidsutvalet reiste på synfaringar for å sjå på samfunnshusa i Ulsteinvik, på Dovre, Lalm og Vågåmo. Med på synfaringane var også skulesjefen, Olav Vik, leiar i skulestyret, Jon Jarnes, og leiar i fylkesskulestyret Johan Hjorthol. Dei som tok del på desse studieturane fekk svar på mange spørsmål som vart stilt om bygging, dugnadsarbeid og drifta av slike anlegg. Det var særleg anlegget i Vågåmo dei likte. Det var ein kombinasjon av samfunnshus og symjehall.

Strid om kombinasjonsdrift

Scena i kulturhuset.
Foto: Sykkylven kommune

I førebuingsperioden vart det kalla inn til folkemøte i gymnastikksalen på Aure skule, der leiaren av Statens ungdoms- og idrettskontor, Rolf Hofmo, møtte. Hofmo var særs frittalande og det vart eit livleg møte. Striden stod om kombinasjonen samfunnshus på den eine sida og symjehall og gymnastikksal på den andre sida. Det var meininga at symjehallen og gymnastikksalen skulle nyttast av mellom andre ungdomsskulen. Salen skulle til andre tider kunne nyttast til dansar, teater- og kinoframsyningar. Denne kombinasjonen var for fleire, mellom anna for personar knytt til enkelte kristne miljø, utåleleg.

Både i skulestyret, formannsskapet og i kommunestyret var det dryge og til dels høgrøsta debattar. Ein representant i skulestyret begynte innlegget sitt slik: ”Eg forstår at dette er ei vanskeleg og ubehageleg sak for mange, sidan det møter så mange varamedlemer!” Men planane blei med stort fleirtal vedtekne i alle politiske organ og godkjende i STUI. Også Riksteatret var inne og godkjende planane, for i samlingssalen vart det teikna inn ei stor scene som skulle gje plass til teatret sine oppsetningar.

Ny tomt

29. april 1966 vart det vedteke at arbeidsutvalet skulle vere interimsstyre fram til skipingsmøtet 25. juni. Då vart desse valde til styre og byggenemnd: Leonhard Hole, leiar, Petter Hjorthol, nestleiar, K.J. Eidem, kasserar og Kirsti Gjerde, styremedlem. Det vart også vald eit eige representantskap samansett av dei ulike luteigarane. Erling Lillevik vart første leiar i representantskapen. Torleif Tynes vart leiar i organisasjonsnemnda. Kommunen valde eiga byggjenemnd for symjehallen, som vart eit reint kommunalt bygg.

Då var ein komen så langt at ein kunne byrje dei praktiske førebuingane for å reise bygget. Initiativtakarane kom til at den tomta som først vart kjøpt ikkje eigna seg så godt med tanke på det planlagte samarbeidet med skulane. Ny tomt vart kjøpt av Gudrun og Nils Roald. Den var betydeleg større enn den første tomta. Roald overtok denne som delvis vederlag for den nye.

Privat lutlag

Arkitekt for bygget var Karstein Oddmund Vik og byggjeleiar Torbjørn Aasen. Byggearbeidet begynte i 1968 med Hans Lillevik Entreprenørforretning AS som hovudentreprenør. Då arbeidet var ferdig hausten 1969 kosta samfunnshuset ca 1.5 millionar kroner. Av dette var eigenkapital og tippemidlar ca 500 000 kr. Symjehallen kosta ca 1.7 millionar kroner, og av dette var tippemidlar og fylkestilskot ca 200 000 kr.

Frå starten av har eigarforholdet vore todelt. A-aksjonærane var dei to laga som er nemnde, kommunen og 15-20 andre lag. B-aksjonærane var privatpersonar. Då samfunnshuset var ferdig hausten 1969, fekk det dette styret: Petter Hjorthol, leiar Leonhard Hole, nestleiar K.J. Eidem, kasserar Olav Myklebust, sekretær Petra Brudevold, styremedlem.

Samfunnshuset vart opna med stor festivitas og gode kulturinnslag i 1969.

Kommunal overtaking

Frå kommunestyresalen.
Foto: Sykkylven kommune

I 2009 tok Sykkylven kommune over drifta av huset etter at husstyret i mange år hadde slite med å få drifta i økonomisk balanse. Særleg tynga eit lån som vart teke opp i samband med oppføring av påbygg med ny vestibyle, nytt undervisningsrom og kjøkken i 2000 mykje. Før investeringane knytte til påbygget, var Sykkylven kulturhus gjeldfritt. Gjennom ein kommunal garanti vart det teke opp lån på 11 millionar kroner for å finansiere påbygget. Takka vere årlege kommunale tilskot, tilskot på ein million kroner i statlege kulturhusmidlar og eigne inntekter vart det jamnleg betalt renter og avdrag på låna som i 2006 var komne ned i 7.8 millionar kroner. Huset hadde i desse åra ein relativt balansert økonomi, mellom anna på grunn av ekstraordinær innsats frå dagleg leiar, Lindis Utgård, dugnadsvillige styre, Sykkylven frilynde ungdomslag, Sykkylven blandakor og andre støttespelarar.

I 2006 var det klart at huset måtte rustast ytterlegare opp for å kunne fungere som eit kulturhus for heile kommunen, mellom anna måtte det leggast nytt golv i storesalen. Det vart også kjøpt inn nytt amfi for å betre sitjekomforten til publikum. På grunn av dei ovanfor nemnde tiltaka vart det i 2006/2007 nødvendig å ta opp nye lån. Likviditeten til huset var i 2007/2008 stram då det ikkje var mogeleg å gjennomføre inntektsbringande tiltak i større omfang på grunn av utbetringstiltaka. Etter ei tid måtte ein også leggje nytt tak, då taket byrja å leke.

Huset står etter den kommunale overtakinga fram i god stand. Det er no også montert eit tidhøveleg ventilasjonsanlegg i bygget.

Dei åra huset har vore i drift har det vore ein viktig samlingsplass for folk frå heile kommunen. Mellom anna har det i mange år vore kinodrift i kulturhuset. Dei siste åra har også kulturadministrasjonen i Sykkylven kommune hatt tilhald i huset.

Kjelder og litteratur

  • Hole, Leonard og Erling Lillevik: «Opptaket til Sykkylven Samfunnshus», i Årbok for Sykkylven 2002.
  • Sykkylven kommune: Rapport kulturhusgruppa. Sykkylven 2009.