Tøgeplassen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Tufta etter Tøgeplassen rett opp for gamletunet i Li.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Tøgeplassen var ein husmannsplass under garden Li (bnr. 1) i Mjølverdalen i Jostedalen, Luster kommune. Plassen låg rett vest for gardstunet på hovudbruket.

Tøger Larsson Kilen (1834-1936) frå Horpen i Fåberg og den andre kona hans, Kari Olsdotter (1843-1892) frå Brænna under Bergset, hadde gått i gang med å rydde plassen i 1867, same året som dei gifte seg.

Men alt 6. februar 1868 vart plassen teken av eit stort snøskred. Kyrkjeboka fortel at dei to borna, Lars Tøgersen (4 år) og Ole Tøgersen (7 månader), denne dagen var “Omkomne i en Sneeskred”[1] Etter ein munnleg tradisjon vart dei to smågutane drepne då pipa datt ned over dei.[2]

Tøger Larsson og kona hans flytte til Vigdalen i Luster etter ulukka, og Tøgeplassen vart aldri teken i bruk att.

Notar

  1. Snøskred i Li 1868 (Jostedal historielag)
  2. Øyane 1994, s. 682

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 682. (Digital utgåve, NBdigital)


Koordinater: 61°39′57″ N 7°17′38″ Ø

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy