Tore Ørjasæter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore Ørjasæter som ung mann (1906)
Foto: Johan von der Fehr

Tore Ørjasæter (fødd i Skjåk 8. mars 1886, død på Lillehammer 29. februar 1968) var forfattar. Fyrst og fremst var han lyrikar og dramatikar, men han har også gjeve ut ein roman og to essayistiske reiseskildringar. Enda han levde størsteparten av livet sitt utanfor Skjåk, var han tett knytt til fødebygda. Heimegrenda Bråtå og oppveksten der har gjeve motiv og bilete til mykje av diktinga hans. Sentrale tema i dikt og drama er tilhøvet mellom vilje og lagnad, modernitet og tradisjon, det kreative menneskets fridom og rett til utfalding versus medmenneskeleg ansvar og nestekjærleik. Dessutan utspelar det seg ein kjønnskamp i fleire av hovudverka hans. Dei mest kjende og omtykte enkeltdikta frå Ørjasæters hand er venteleg «Malmfuru», «Elgen», og ikkje minst «Vestland, Vestland» - det siste tonesett av Sigurd Førsund og gjort til folkeeige gjennom Sissel Kyrkjebø si innspeling.

Bakgrunn, oppvekst og skulegang

Barndomsheimen til Tore Ørjasæter, Slette i Bråtå. Husa er frå 1829 og 1841. Dei ligg kloss inn til bilvegen gjennom grenda. Uthus og nye våningshus ligg nedanfor vegen i det bratte lendet.
Foto: Hans P. Hosar, desember 2012.
Heimen som Tore og Aaslaug Ørjasæter bygde seg i Bråtå ca. 1930. Huset er ei gammal stugu frå 1797 som dei fekk flytta frå barndomsheimen hans, Slette. Lokalt går heimen berre under namnet Torestugu, men heiter offisielt Ørjasæter
Foto: Hans P. Hosar, desember 2012.

Tore Ørjasæter var fødd på garden Slette i Bråtågrenda i 1886. Bråtå er ei noko avsides fjellgrend, 700-800 meter over havet, opp mot skoggrensa. Dei fyrste gardsbruka, deriblant Slette, vart rydda i ålmenninga der i fyrste halvparten av 1700-talet.

Far til Tore, Hans Magnus Ørjasæter, var lærar og hadde gardsbruket attåt. Han var vestlending, frå Geiranger, men var ikkje «vestlandslærar» i den klisjémessige tydinga «radikal venstre- og norskdomsmann». H.M. Ørjasæter tilhøyrde tvert i mot høgrefløya i lokal- og rikspolitikken, i krinsen rundt kyrkjesongar Ole Lund. Både Lund og Hans Magnus Ørjasæter var blant dei kristenkonservative underskrivarane av Gisle Johnsons «Opraab til Christendommens Venner i vort Land» frå 1883, som var ei sterk åtvaring mot venstrekreftene. H.M. Ørjasæter, kyrkjesongar Lund og deira fløy stod sterkt mot det framstormande venstrepartiet i Skjåk frå 1880-åra av under leiing av Christian A. Hjelter og Ole Sivertsen på Hyrve.

Monument over dei som rydda Bråtågrenda i 1730-åra. Slette var ein av dei aller fyrste gardane der. I bakgrunnen ser vi Tore-stugu. Ørjasæter medverka til å få reist monumentet.
Foto: Hans P. Hosar, desember 2012.

Mor til Tore, Rønnaug Toresdotter Slette, hadde nær tilknyting til det haugianske lesarmiljøet i Bråtå. Ho døydde i barnefødsel i 1888, da Tore var berre to år gammal. Faren gifta seg opp att i 1890 med Guro Jakopsdotter Storlien frå Skjåk. Tore hadde fire sysken og 10 halvsysken.

Tore vart sjuk i ungdomen, noko som hindra han i å ta over garden, slik han hadde hatt høve og hug til. Han budde heime til i tjueårsalderen, da han kom på folkehøgskulen til Lars EskelandVoss vinteren 1905-1906. Han hospiterte også eit års tid hjå Eskeland litt seinare. Da vart han personleg kjend med Arne Garborg, som han besøkte på Knudaheio, og som han mellom anna hjelpte med noko grøftingsarbeid.

I 1911-1912 gjekk Ørjasæter eit år på lærarskulen i Volda, men fullførte ikkje lærarutdanninga. Han hadde debutert med ei diktsamling allereie i 1908, og vigde seg snart fullt og heilt til den litterære verksemda.

I 1913 fekk Ørjasæter eit reisestipend, som han nytta til å dra til Tyskland.

Tore Ørjasæter saman med Martinus Høgåsen på stemnetur på Vestlandet tidleg på 1960-talet.
Foto: Ole Arnfinn Torgersrud.

Ekteskap, familie og bustader

Hjå Tore og Aaslaug Ørjasæter i heimen i Bråtå 1937. Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas på besøk.
Foto: Ukjent.

I 1921 gifta han seg med Aaslaug Skaaden (1896-1988) frå Øyer. Ho var dotter til gardbrukarparet Jon Johannesen Skaaden og Anna fødd Vedum.

Ekteparet Ørjasæter hadde den fyrste tida tilhald utanlands i lengre periodar. Fyrst budde dei nær Berlin, seinare i Frascati utanfor Roma. Heime i Noreg bytta dei bustader fleire gonger. Dei budde i Fåberg, Øyer, på Hvalstad i Asker (nær Arne og Hulda Garborgs heim) og i Sandar i Vestfold, der Ørjasæter hadde ei syster med familie.

Rundt 1930 fekk dei skilt ut ei tomt på hans barndomsgard Slette. Der sette dei opp ei gammal stugu frå garden, og familien budde fast der i åra 1932-1937. I denne perioden var Ørjasæter med og stifta Skjåk historielag, og var ivrig med i arbeidet der. Han medverka mellom anna til å få reist eit monument over nybyggjarane i heimegrenda hans 200 år tidlegare. Ei anna hjartesak for han var å ta i bruk «Åstradalen» som namn på dalføret til elva Åstra, i staden for det vanleg brukte «Bråtå», som han meinte burde reserverast for grenda med det namnet.

Både før og etter tida i Skjåk var familien fast busett på Skåe i Øyer, Aaslaugs barndomsheim. Men om somrane og langt utover hausten heldt Ørjasæter, med og utan familien, mykje til i huset i Bråtå.

Tore og Aaslaug Ørjasæter fekk tre born, Jo fødd 1925, Rønnaug fødd 1928 og Hallvard Arne fødd 1939.

Kunstnarisk anerkjenning

Ørjasæter vart tidleg anerkjent som ein av dei store lyrikarane i landet. Han fekk statens kunstnarløn fra 1929. Seinare var han lenge medlem av forfattarforeininga sitt litterære råd. I 1946, til 60-års-dagen, vart eit utval av dikta hans utgjevne som festskrift under tittelen Vilje og lagnad, og med forord av Sigrid Undset. I 1952 fekk Ørjasæter Doblougprisen.

Diktinga

Tore Ørjasæter debuterte med diktsamlinga Ættar-arv i 1908. Han gav i alt ut 13 sjølvstendige samlingar med lyrikk. I tillegg kjem nokre utvalssamlingar og samla dikt utgjevne både medan han levde og etter hans død.

Han skreiv i alt fem stykke for teater. Dertil kjem to reiseskildringar og ein roman. Siste utgjevingane hans var diktsamlinga Klårhaust (1963) og utvalde dikt i Den lange leid frå 1966.

Formspråket

I dikta sine nyttar Ørjasæter i all hovudsak eit tradisjonelt formspråk. Men bruken av rim og rytme er særs rik og variert. Det skjer ofte omskifte i det metriske mønsteret innan eitt og same dikt. I dei seinare diktsamlingane stiller han seg noko friare til dei konvensjonelle verkemidla, men han gjekk ikkje over til modernistiske, frie versemål.

Dei tre skodespela han skreiv etter krigen, Christophoros (1948), Den lange bryllaupsreisa. (1949) og Brurekrona (1956) er derimot eksperimentelle i forma, påverka av tysk ekspresjonistisk teater.

Motivrepertoaret - lokalt og sjølvbiografisk

I oppveksten og tidleg vaksen alder røynde Ørjasæter på nært hald mange moderniseringsfenomen og kulturmotsetnader som gjorde seg gjeldande i heimbygda: tradisjonelt jordbruk mot modernisering og mekanisering både i jordbruk, skogbruk og industri, ætte- og standsbindingar mot individet sin rett til sjølvrealisering, pietisme mot frilynde haldningar, etter kvart også arbeidarradikalisme mot bondekonservatisme. Mange av desse motsetnadene er lyrisk fortolka i Gudbrand Langleite. Ikkje berre landskapa og namnebruken i dette verket - han brukar flust med symbolmetta stadnamn, fyrst og fremst frå Bråtå og Åmotskrinsen - men konkrete trekk ved personar og hendingar, arbeidsliv og verksemder er lette å kjenne att frå det økonomiske og kulturelle hamskiftet i Skjåk i tida 1880-1940.

Også i dei fleste andre verka er det openbert at Ørjasæter har brukt stader og situasjonar han sjølv har opplevd, som råvare for å uttrykkje dei sanningane om liv og sjel, om individ og samfunn som han i meir allmenn forstand ønskte å formidle til omverda. Dei konkrete omstenda kring hovudpersjonen Per Sjåstad i «draumspelet» Christophoros kan leggjast oppå viktige delar av Tore Ørjasæters eige liv og bakgrunn, og ein får fullt samanfall. Per Sjåstad er ein kunstnar (rett nok ikkje lyrikar!) som bur på heimegarden, utan å vere brukar der. Grenda heiter endatil Åstragrenda. Samtidige av Tore Ørjasæter frå Åstradalen (Bråtå), og sikkert andre delar av Skjåk-bygda, kunne nikke humrande attkjennande til dei lett karikerte typane av bygdefolket som blir framstilte i dramaet. Det var faktisk også ein yrkesbror av Per Sjåstad i Bråtågrenda på den tida Christophoros var i emning. Det var kunstmålaren Kaare Halvorsen, som hadde flytta dit frå Lillehammer, og som var god ven med Ørjasæter.

Galleri over lokaliserte motiv

Temakrinsane

Tore Ørjasæter krinsar i heile forfattarskapet sitt om dei menneskelege grunnvilkår. Alvorstyngda er gjennomgåande i temakrinsen, men humoren er i rikt monn teken i bruk som verkemiddel. Og alvoret skal ikkje forvekslast med svartsyn, enn seie misantropi. Sigrid Undset understrekar dette sterkt i føreordet sitt til Viljen og lagnaden:

«Grunntonen i Tore Ørjasæters diktning er en optimisme så dyp og ubrytelig så den oftest syns tyngre og dystrere på lét end det som almindelige folk kaller pessimisme. Det fins ikke letthet, end si lettvinthet, i hans livstro.»

Temakrinsane i Tore Ørjasæter samla verk kan grupperast i ei rekkje med dikotomiar, omgrepspar der dei to sidene står i konfliktfylt tilhøve til kvarandre. Dei viktigaste synest å vere «vilje og lagnad», «ånd og yrke», «fridom og ansvar», «farartrong og rotfeste», «det mannlege og det kvinnelege», «modernitet og tradisjon». Med unntak av det siste omgrepsparet, som grip inn i og over mykje av det andre, er omgrepsnemningane henta frå Ørjasæters eigne verk, der dei alle er hyppig førekomande.

Alle desse dikotomiane er innfiltra i kvarandre, mellom anna på det viset at fyrstelekkane har ein indre samanheng og står i motsetnad til andrelekkane som også utgjer ein konstellasjon for seg.

Spenningane mellom dei to sidene riv og slit i einskildmenneske. Det gjeld i rikt monn for dei viktigaste litterære figurane i Ørjasæters univers. Aller mest gjeld det hovudpersonen i Gudbrand Langleite, den store diktsyklusen som kan reknast for å vere hovudverket i diktinga hans (Gudbrand Langleite 1913, Bru-millom 1920 og Skuggen 1927, samla utgåve i 1941 med samletittelen Gudbrand Langleite.) Men det gjeld i høg grad også for kunstnaren Per Sjåstad i Christophoros, som for Jo Gjende i skodespelet med same namn. Også hovudpersonen i forteljinga Uppheimen på Sandnes rommar noko av dette, men da framstilt i ei mykje lettare, nesten farseaktig form jamført med dei andre nemnde verka. I dei to reiseskildringane Fararen og Jonsokbrev, står særleg motsetningane mellom utferdstrongen og bindinga til det heimlege sentralt, og også andre av dei opprekna dikotomiane slår inn.

Ætt og heim og norskdom

Dei fyrste diktsamlingane, Ættar-arv (1908) og I dalom (1910) krinsar mykje om ætt og heim, eller blod og jord som det heitte i omsetjing frå tysk nasjonalromantikk. Dette vart verdsett av omgivnadene i samtida. For eksempel skriv lomværen og bondelagsmannen Halvard Ofigsbø i boka si om Gudbrandsdalen (1926) følgjande om Ørjasæter:

«Han er ein god bondediktar. Umkvæde er: "Hald deg til jorda; ho gjer deg sterk og god."»

Ein finn att noko av dette også i seinare verk. Men dyrkinga av det norrøne, odels- og nasjonalromantikken er mindre framtredande hjå Ørjasæter enn hjå hans ven og samtidige Olav Aukrust. Ein merkar dessutan ikkje sjeldan ein viss ironi og sjølvironi i høve til dette temakomplekset hjå Ørjasæter. Det gjeld til dømes i diktet «Røystene» frå Gudbrand Langleite, der diktaren gjev ei godmodig ertande framstilling av langhåra «skulehøge karar som stansar på sin stemneplass». Men Ørjasæter distanserer seg vel å merke ikkje frå den grunnleggjande bodskapen til desse karane. Vidare i diktet får vi ein gjenklang av den mest skulehøge av alle Ørjasæters «langhåra» inspiratorar, Christopher Bruun, i ei ikkje-ironisk framstilling av den etterlengta norrøne atterfødinga.

Kunst og matstrev

Gudbrand Langleites store livsproblem er tvisynet hans når det gjeld det meste av det han held på med her i verda. Ved sida av å ha teknisk innsikt og gode eigenskapar som industrigründer, er han også kunstnar, nærare bestemt felespelar. Dermed blir han ståande i Brumillom-lende, som han seier, og plagast med vegvalet mellom det materielle - det daglege brød og alle trivialitetar knytta til det -, og det ideelle - dei åndelege og kunstnariske interessene. Dei to bruene han står mellom, er «matbrua» som knirkar under kornlassa som skal til mølla, og høgare oppe i gjelet er det «himmelbrua» som fører til lengre leite - vidare utsyn. Himmelbrua er den same som Bivrost frå norrøn mytologi, som fører frå manneheimen til guderiket.

Det er ein djup motsetnad og hard strid mellom ånd og yrke, mellom inspirasjon og kunstnargivnad på den eine sida og på den andre sida den intellektuelt-rasjonelle verksemda som har praktiske føremål. Mykje samanfallande med dette står eit anna dilemma for Gudbrand: Ynsket om å modernisere og skapa framsteg kjem i konflikt med trongen til å høyre til i ein tradisjon og ein ættesamanheng.

Den gamle og den nye tid

Som gründer og mølleeigar opplever Gudbrand Langleite også andre, påtrengjande sider ved det verdskrigs- og mellomkrigssamfunnet som diktverket om han er skapt i. Arbeidarane på bruket hans, «det store Åstrabruket», går til streik. I lokal Skjåk-samanheng får diktet om dette, «Hjule som stansa», nesten profetisk kraft. Tre-fire år etter at diktet vart publisert, vart «det store bruket» i Skjåk, det nye sagbruket og høvleriet til Ålmenninga, råka av streik og blokade. Det var den fyrste streiken som nokon sinne hadde funne stad i Skjåk - og knappast har det skjedd sidan. Ein av streikeleiarane var Ole O. Langleite, fem år deretter sosialistisk ordførar i bygda. På arbeidsgjevarsida, i ålmenningsstyret, sat mellom andre Gudbrand Skjaak, odelsbonde, norskdomsdyrkar, bondepartipolitikar, forretningsmann og gründer. Gudbrand Skjaak overtok som ordførar etter Langleite i 1941. At Gudbrand Langleite er namnebror av båe desse konkrete personane er neppe tilsikta. Men iallfall Gudbrand Skjaak er nærliggjande å rekne opp blant dei som Ørjasæter kan ha teke modell av til sin litterære skikkelse.

I 1920- og 1930-åra skjedde eit politisk hamskifte i Skjåk (som mange andre stader). I skogbygda i Skjåk, derunder Åstradalen og Bråtågrenda, vart småbrukarar og skogsarbeidarar sosialistar for ende. Det galdt rett nok ikkje i dei næraste omgivnadene til Tore Ørjasæter. På Slette og fleire av dei andre eldste gardane der vart folket i all hovudsak verande venstrefolk, eller dei søkte til det nye Bondepartiet, i den grad dei engasjerte seg partipolitisk. Tore Ørjasæter tenkte neppe nokon gong på seg sjølv som sosialist. Like fullt er det i Gudbrand Langleite fleire dikt som er uttrykkeleg kapitalismekritiske og med visjonar for eit nytt, rettferdig samfunn. Og venen og grannen Kåre Halvorsen kan skrive i si 50-års-omtale av Ørjasæter:

«... ingen social bevegelse har som den norske arbeiderbevegelse, ligget ham kjærere på hjertet, stått hans idéliv nærmere enn nettopp den [...] [Ørjasæter får mig] i all sin beskjedne og gode menneskelighet til å tenke på småbrukertypen, der han furet og værbitt, stiger frem av den norske natur.»[1]

Kor treffande var dette? Ørjasæter heldt i alle høve fast ved mykje av norskdoms- og folkehøgskuleidealismen. Han var deltakar på ein forfattarkongress i Tyskland i 1936, same året som Halvorsen forma jubileumsomtalen ovanfor. Nøktern og demokratisk i sitt lynne, er Ørjasæter skeptisk til rituala og militarismen han møter i Hitler-Tyskland. Men han kan ikkje hjelpe for å bli hugteken av nazistanes vekt på bondeyrket, og «[...] i det heile fekk vi ein god tokke av dei pedagogiske og folkeuppsedane idear åt kultusministeren. Han held fram eit folkeleg syn, ja eg vil segja det fall godt saman med folkehøgskule-synet, hjå oss.»[2]

Mann og kvinne, mann og kone

Framstillinga av erotiske, maktrelaterte og allmennpsykologiske spenningar mellom mann og kvinne er blant hovudemna i alle dei sentrale verka til Tore Ørjasæter. I den grad vi kan påvise og formulere ein kjønnsideologi hjå han, finn vi ein klår parallell til Christopher Bruuns tankar på dette feltet, og alt talar for ein heilt direkte påverknad.

I Folkelige Grundtanker seier Bruun klårt og utvetydig frå at så snart ein mann med talent til stordåd - av intellektuell, kunstnarisk eller annan art - går stad og forlovar seg, er dei storverka han kunne ha fått utretta, tapte for verda. Det gjeld vel å merke så framt ikkje kvinna skjønar nødvendet av og har evne til å følgje mannen på hans dådsferd. Ekteskapskonfliktene i til dømes Gudbrand Langleite og Christophoros er rett nok ikkje så einfelt framstilte som kjønnsproblematikken hjå Bruun, men tek utgangspunkt i det same. Vi blir ikkje latne i tvil om at omsyn til familien og dei daglege trivialitetar legg sterke band på Gudbrands og Per Sjåstads utfalding av sine geni. Kvinna blir ein klamp om foten og ein kross å bere. «Mannen ber kvinna ein krossarveg». Mennene vil gå himmelbrua, medan konene pressar dei mot matbrua.

Særleg i den tidlegaste diktinga er dyrkinga av mannlegdomen framståande og uttrykkeleg. Ei av samlingane heiter jamvel Manns kvæde, der ein finn strofar som denne:

Ver stolt du mann, deg magtar ingor møy å bøygje,
ditt vilje-to var sterkt som ikkje let seg tøygje,
til sides for det høge manndomskrav.

I Gudbrand Langleite og i skodespela sine maktar Ørjasæter å framstille kjønnskampen – som det jo mykje i røynda dreiar seg om - på komplekst og nyansert vis. Han framstiller ikkje dei mannlege genia med udelt beundring og sympati, ofte tvert i mot.

Per Sjåstad er eit kunstnarisk geni, men på mange måtar ein ynkeleg skapnad elles. Han er så lite praktisk at han ikkje greier godt som fylle ut sjølvmeldinga si. Han er panisk redd for å knuse ein kaffekopp av frykt for skjenn frå kjerringa. Vi skjønar godt hennar beiske haldning og bitre kjensler over å måtte vere mann i huset. Gudbrand Langleite har sine lite sympatiske sider. Han bør vere takknemleg for at kona tek på seg å drive Åstrabruket når han i desperasjon enda ein gong bryt opp, forlet henne og vesleguten for å finne seg sjølv og dyrke sin kunstnargivnad på reiser i Europa. («Kvinna og kvenna»). Elland Uppheim i Uppheimen på Sandnes er ein latterleg figur som i sitt tankespinn og med sine luftige prosjekt greier å øydeleggje mykje for sine næraste. Jo Gjende er direkte fråstøytande der han gudlaus og svartbannande avviser jenta han har sett barn på. Han vil for all del ikkje bli bunden til kjerring, gard og småskore bygdeliv. Han vil dyrke jakt og friluftsliv i ei slags åndsaristokratisk einsemd, koste kva det koste vil.

Framstillingane både hjå Bruun og Ørjasæter botnar i alle høve i ei felles oppfatning av at mann og kvinne har nedlagt i seg vesensforskjellige, gudeskapte og/eller naturgjevne eigenskapar og livsorienteringar, og som båe har rett og plikt til å realisere. Det kvinnelege er «moldbunde», vendt mot heim, avl og ætt, og med ei umiddelbar oppfatning av den ytre røyndomen som på sett og vis framstår som barnleg truskuldig. Det mannlege er stridsorientert, karriereretta, positivt himmelstrevande, men med den innebygde faren at dette kan utarte til svermeri. Tolka i verste meining kan Bruuns og Ørjasæters kjønnsideologi sidestillast med det som litteraturhistorikaren Bjarte Birkeland[3] seier om kvinneskikkelsane hjå Kristofer Uppdal: Deira oppgåve er fyrst og fremst å vere såjord for mannen.

«Kristus er brumilloms-mann»

Ved sida av å påpeike bonderomantikken hjå Ørjasæter, har Halvard Ofigsbø i Gudbrandsdalsboka frå 1926 gjort følgjande poengterte observasjon: «Det gaar ei kristeleg aand gjenom diktinga hans.

Ørjasæters framstilling av Jo Gjendes amoralske grunnhaldning pensar oss inn på det som ekteskaps- og kjønnskampmotivet tematisk mest handlar om hjå diktaren, nemleg det kristne humanistiske kravet om å erkjenne synd og skuld og ta medmenneskeleg ansvar. Både Gudbrand Langleite og Per Sjåstad endar opp i nettopp ei slik erkjenning, som frir dei frå villfaringane som egoistisk dyrking av kraft og geni fører til. Ingen dådsverk, inga kunst kan rettferdiggjere egoismen eller oppheve det medmenneskelege ansvaret ein er pålagd ved berre det å leve og vere fødd i Guds bilete.

Måten å takle også kjønnskampen på, som livsens strid i det store og heile, er å overvinne sin egosentrisme og å ta rett ansvar for sine næraste og andre medmenneske. Mannlege og kvinnelege eigenskapar er der frå Guds og naturens hand, men også desse må kunne forsonast. Måten forsoninga kan kome i stand på, er altså å gjere opp med seg sjølv og ta den kristne kjærleiksbodskapen på alvor. Det let seg gjere å sameine det gudelege og det menneskelege, ånd og materie, kunst og matstrev. I dette ligg Ørjasæters djupe optimisme slik Sigrid Undset påpeikte.

Mennesket er dømd til å leve brumillom, utan evne til å passere himmelbrua ved eiga kraft, berre ved frelse gjennom Kristus.

Ja millom bryom - er menneskjekår
og ingen utum si grense når.
D'er berre den eine sida
vi når, - og lengslone mot den andre
må alltid for live strida.
Men Kristus han samlar det heile i seg,
so manndom og guddom so jamlikt veg.
Uendeleg samljod i honom
liksom når jordi og himlen klangreint
møtest i menneskje-bònom.

(Frå «Jordlovi»)

Ørjasæter, som Christopher Bruun, la særskild vekt på at Kristus var gud og menneske. «Kristus er brumilloms-mann!» som det heiter med tittelen på diktet som etterfølgjer det ovansiterte Jordlovi:

Kristus er Brumilloms-mann,
på ei side grunnrøtt i menneskjedomen,
på hi sida beinast or guddomen komen,
d'er ingen som han.
[...]
Både himil og jord
kling att i honom og heilbrigda tonen
som berre har klangbotn i menneskjesonen -
er samljoden stor,
som ber i seg alt ifrå båe sidom,
eit jordbunde liv fær guddomeleg fridom
og manndomen gror.

Bibliografi (ikkje fullstendig)

Faksimile frå Norsk Tidend 20. oktober 1943: annonse for forfatterskapet til Tore Ørjasæter.

Diktsamlingar

  • Ættar-arv, 1908
  • I dalom, 1910
  • Gudbrand Langleite, 1913
  • Bru-millom. Gudbrand Langleite. Manndomsåra, 1920
  • Skiringsgangen. Eit draumkvæde, 1925
  • Skuggen. Gudbrand Langleite. Epilog, 1927
  • Elvesong, 1932
  • Livet skal vinne, 1939
  • Gudbrand Langleite, samla og omarbeidd utgåve av dei tre delane, 1941, 1966
  • Livsens tre, 1945
  • Ettersommar, 1953
  • Klårhaust, 1963
  • Den lange leid. Dikt i utval, 1966
  • Dikt i utval, 1970
  • Dikt i samling 1–2, 1985-1986 (band 2 er samleutgåva av Gudbrand Langleite)

Skodespel

  • Jo Gjende, 1917
  • Anne på Torp, 1930
  • Christophoros. Eit draumspel, 1948, 1962
  • Den lange bryllaupsreisa. Eit pasjonsspel, 1949
  • Brurekrona, 1956 (skrive for amatørteater)

Annan prosa

Fararen, prosastykke, 1922 Uppheimen på Sandnes. Forteljing um ein fantast (roman), 1933 Jonsokbrev. Nye fararskildringar, 1936

Referansar

  1. Dagningen 7.3.1936.
  2. Årbok for Gudbrandsdalen 1936, s 125-126.
  3. Norges litteraturhistorie, bd. 4, Cappelen, Oslo 1975, side 568.

Kjelder og litteratur

  • Helleve, Eirik: Artikkel om Tore Ørjasæter i Norsk biografisk leksikon.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok bd. 3. Skjåk kommune 1998.
  • Hosar, Hans P.: «Klasse, grend, kjønn? Danning av delkulturar blant bygdefolket i Skjåk 1800-1940», i Bygdesamfunnet - en sammensatt helhet. NLI, Oslo 1991.
  • Hosar, Hans P.: «Ålmenninga og bygdekulturen», i Kvelds-seto. Gåmålt frå Skjåk. Skjåk Historielag 2000.
  • Mæhle, Leif: Artikkel om Tore Ørjasæter i Norsk biografisk leksikon 1983.
  • Offigsbø, Hallvard: Gudbrandsdalen. Utg. Norges bondelag i Gudbrandsdalen, 1926.
  • Ættebok for Skjåk bd. I, tillegget side 10 og bd. II side 235.

Eksterne lenker

Tore Ørjasæter i Historisk befolkningsregister