Tustna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
For den tidlegare kommunen Tustna, sjå Tustna kommune.

Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune.

Om namnet

Uttale og bruk

Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)


Eldre skrivemåtar og opphav

Namnet vart oftast skrive Tusterendansk1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.

Topografi

Tustna grensar til Golmøya over Kråksundet i vest, til Edøya over Edøyfjorden i nord, til Solskjelsøya i nordaust, til Stabblandet over Sålåsundet i aust, til Halsa og Straumsnesset i sør og til Frei i sørvest.

Fjell

Vatn og tjørner

Busetting

Hovuddelen av befolkninga på sjølve Tustna-øya bur på den relativt flatlendte yttersida av øya.

Lengst mot vest ligg Sør-Tustna, som inkluderer matrikkelgardane Hagan, Ljustad, Jørenvåg, Leirvåg, Tømmervik, Tømmervåg og Hannasvika. FetaGolmøya blir oftast medrekna til Sør-Tustna. Linvågen blir ofte rekna til Sør-Tustna, men har òg noko tilknyting til Leira.

Leira på Nordmøre ...

Gardar

Religion

Bedehuset "Louises Minde" vart bygd på Leira i 1923.

Sjå òg