Tysnes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Tysnes)
Hopp til: navigasjon, søk
Tysnes
1223 Tysnes komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1223
Fylke Hordaland
Kommunesenter Uggdal
Areal 255.17  km²
Areal land 245.25  km²
Areal vatn 9.92  km²
Folketal 2 847 (2017)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Tysnes kommune er ein kommune og ei øygruppe i Hordaland fylke, litt sør for Bergen med eit samla areal på 255 km². Øya Tysnes utgjer hovuddelen av arealet til kommunen, dei største øyene elles er Reksteren, Skorpo, Seløya og Ånuglo. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen sentrum er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Kommunen grensar i aust mot Kvinnherad og Fusa kommunar, i nord mot Os kommune, og i vest mot Austevoll, Fitjar og Stord kommunar. Kystkulturen står sterkt i Tysnes, og kommunen har eiget kystlag.

Segn og mytar

Ein gong i ei fjern fortid fann den germanske harudarstammen vegen hit. Dei kom frå Jylland i Danmark. Med seg hadde dei grødegudinna Njord. Nokre hevdar at dei kom i jarnalderen, for omlag 2000 år sidan, medan andre meiner at dei kom alt i bronsealderen, kanskje meir enn 1000 år tidlegare. Det gamle namnet på Tysnes - Njardarlog - har ein tolka slik at dette var guden Njord sitt lovområde. Øya har òg truleg vore det religiøse senteret for hordane og for store delar av Vestlandet. Gards- og stadnamn peikar også tilbake til harudane si gudsdyrking, slik me kjenner den frå romerske sogeskrivarar og historiske funn andre stader.

Vevatnet på Tysnes i Sunnhordland. (Knut Rage 2007)
Frå denne tida stammar myten om det mystiske Vevatn. Her, vert det sagt, ofra dei til grødegudinna Nerthus – og kanskje det var menneskeoffer. Me veit så lite om dette. Me sit berre att med mytar og gamle overleveringar. Til gjengjeld er segnene både rike og dramatiske. Frå det bratte Flogaberget på austsida av vatnet kasta dei ut offera sine, fortel sagnet. Under vatnet skal det finnast trapper og spor etter altar. Mange har teke desse teoriane alvorleg, men enn så lenge må me framleis nøya oss med gamle segn og mytar.

Ut frå det opphavlege namnet på Tysnes er det neppe galt å kalla øya for «gudeøya». Det er ikkje berre namnet Njardarlog som vitnar om heidensk gudsdyrking, men også stadnamn som Ve (som tyder heilag) og Lunde (heilag lund), Hovland og andre stad- og gardsnamn som fortel om ei omfattande gudsdyrking i forhistorisk tid. Det namnet me nyttar på både Tysnesøy og kommunen i dag – Tysnes – kjem etter alt å døme frå himmelguden Tyr.

Frå yngre steinalder og inn i jarnalderen – bautasteinar og vintersolkverv

Kulturhistorisk kart over Tysnes. (Gerhard Stoltz, 2009)
Frå yngre steinalder finst det for alvor spor etter folk og busetnad. Ymse gjenstandar som pilspissar av flint og økser av flint og grønstein har dukka fram frå jorda. Men samanlikna med andre stader har ikkje funna herfrå vore mange. T.d. kjenner me ingen helleristingar frå Tysnes.

Frå bronsealderen byrjar det koma fram meir far etter folk. Gravminna frå bronsealderen høyrer til dei mest interessante monumenta me har frå forhistorisk tid. Frå denne tidsbolken er det også funne ein interessant runesteinMyklestad og ei steinhelle med skålgroper i Ve. Runer er også funne på ein kjøtkniv frå Gjersvik, med såkalla trolldomsruner.

I Uggdalsdalen finn me spor etter ein av dei eldste kjende vegen i Hordaland. I dag ligg det berre nokre steinar att etter vegen. Men framleis er den synleg i terrenget. Fleire stader er vegen halvannan meter brei, steinsett og går over to vad. Vegen vert sett på som ein prosesjonsveg. I området finst også to større område med spor etter gravrøyser.

Eit av dei mest særmerkte fornminna i Tysnes - ÅrbakkasandenOnarheim - stammar frå jarnalderen. Her har vore meir enn 20 gravrøyser og minst 6 bautasteinar, sikkert fleire. Sjølv om delar av dette har vorte øydelagt, er det framleis råd å sjå at denne staden må ha vore noko særskilt. Og det verkar naturleg å knyta dette saman med harudane og deira Njord-dyrking. Utover vikingtida står Onarheim fram som eit senter, både for Tysnes og for store delar av Hordaland. Her var tingstad, og her vaks etter kvart Olavsgildet fram - truleg med røter i førkristen tid.

Ein underleg og ikkje så reint lite mystisk stad er det såkalla horgetTodneset ved innseglinga til Våge (Tysnes). Her er det observert at sola skin direkte på staden - og ingen andre stader i området - 22. desember, altså ved vintersolkverv. Det er eit fenomen ein kjenner frå fleire stader i Europa, men berre ein annan stad i Noreg. Her står også ein bautastein. Bautasteinar finst fleire stader kringom i Tysnes. Den største samlinga finn me som nemnd på Årbakka.

Tordr or Niardarlaug – og Olavsgildet

Seglet til gildebrørne i Olavsgildet på Onarheim i Sunnhordland, kjend frå hyllingsbrevet til kong Håkon Magnusson 1344
Frå yngre jarnalder og frametter gjennom folkevandringstida og inn i vikingtida vert funna stadig rikare. I Kongsvik vart det såleis gjort rike funn, m.a. av ornamentikk. Frå vikingtida kjem også skriftlege kjelder inn i biletet. Snorre fortel om Tordr or Niardarlaug, som stridde saman med Olav Tryggvason ombord i Ormen Lange under slaget ved Svolder.

Og no er me atter ved Olavsgildet, det store gildet som heldt hus på Onarheim, omlag der den noverande kyrkja finst i dag. Kor gammalt Olavsgildet på Onarheim er veit ingen. Men etter gamle brev må det ha eksistert frå tidleg på 1300-talet, kanskje i endå eldre tid. Det var eit mektig gilde. Hit kom gildebrør frå store delar av Vestlandet, og ikkje berre frå Sunnhordland, for å ta del i olsokfeiringa, eller Olavsvaka som det heitte. Frå gildet sitt segl, som vart nytta under hyllinga av Håkon MagnussonBåhus i 1344, stammar både Tysnes kommune sitt våpen, som ikkje er offisielt godkjend, og Hordaland fylkeskommune sitt våpen – to krosslagde økser med ei krone over.

Kalkbrenning og skottehandel

Kalkomn på Flakke, Tysnes i Hordaland. Kalkomnen var i drift frå tidleg på 1870-talet og fram til 1902. Omnen er i dag restaurert. (Ukjend)
Ein av dei eldste næringsvegane i Tysnes er kalkbrenning. Berggrunnen sør i kommunen er rik på kalk, og mange av gardane frå Onarheim og søretter brende kalk alt frå 1300-talet. Kalken vart mykje nytta til husbygging, og utvinninga heldt fram heilt til byrjinga av 1900-talet. Kvar gong det var storbrann i Bergen, tente kalkleverandørane godt på gjenoppbygginga. I dag er det få prov att etter denne verksemda, men like ved vegen frå Onarheim til Hodnaneset finst det ein restaurert kalkomn som var i drift frå midten av 1800-talet fram til omlag 1900. Nemnast må også marmorbrota som oppstod som ein liten «industri» allereie på 1600-talet, då på Seløyo.

Frå denne tida må ikkje minst skottehandelen omtalast. Handelen med Skottland var omfattande. Det var først og fremst tømmer som vart eksportert herfrå. Mange stader på Tysnes vart bygdene snauhogde for skog. Og ikkje minst var kontakten med Shetland tett – særleg gjennom dei såkalla hjeltabåtane som vart bygde her og frakta i «halvfabrikata» til Shetland og sett saman der. Båtbyggjarkunsten stod høgt på Tysnes og utvikla seg til ein tradisjon som vart halden vedlike heilt inn i vår eiga tid. I denne perioden vart det også sett opp store vassager kringom på Tysnesøya og Reksteren.

Ei rik ætt heldt til i Gjersvik på 1600-talet – Haard-familien. Den danskfødde Else Tronds og den skotskætta mannen hennar, Anders Mowat, budde her. Dei hadde også eigedomar på Shetland. Seinare flytta dei til Hovland. Dette vart setegarden for sonen Axel Mowatt, den rikaste mannen på Vestlandet på den tida. Han hadde ei dotter, Karen, som vart gift med Ludvig Rosenkrantz. Ho var kanskje den rikaste arvingen i Noreg på det tidspunktet, han ein utarma dansk adelsmann. Alt før den nye heimen deira, slottet i Rosendal, var blitt opphøgd til baroni var eigedomen pantsett heilt opp til pipa.

1800-talet – eit farande folk

Over tid endra dei økonomiske tilhøva seg. Folketeljingar midt på 1800-talet syner at no er over 90% av bøndene i Tysnes sjølveigarar. På denne tida er Tysnes òg den kommunen på Vestlandet med tettast busetnad.

Godøysund Fjordhotell 1905. (Olaf Andreas Svanøe, 1905)

Mot hundreårsskiftet var det fleire tysnesingar enn øyane kunne fø på, og fram til første verdskrigen utvandra omlag 2000 personar til USA. Etter at amerikanske styresmakter kring 1930 stogga innvandringa, var det vanleg at familiefaren arbeidde i USA, gjerne fleire år om gongen, medan kona var heime og passa gard og ungar. Men alt lenge før dette hadde vestlandsbonden måtte finna seg inntekter attåt bruket.

Fiske er eitt stikkord. Og då er særleg den såkalla Nordlandsfarten eit spennande tema. Det vart rekna for mest ei bragd då dei første tysnesingane tok til å reisa på fiske i Nord-Noreg på midten av 1800-talet, først til Lofoten og seinare heilt til Finnmark. Etter kvart vart denne trafikken større. Eit minne om Nordlandsfarten kan ein sjå i Tysneskyrkja. Her heng ein modell av galeasen ”Loyal” som kyrkjeskip. Det var den siste nordlandsfararen som forsvann frå Tysnes, etter å ha gått i fraktefart heilt fram til 1966.

Nordlandsfart og båtbyggjing – og tysnesingar som kappseglarar både i Amerika og England. Dei var eit ettertrakta mannskap hos dei rike amerikanske yacht-eigarane. På desse yachtane, som tok del i kappseglingar både i USA og Europa, kom både skipperar, styrmenn og det øvrige mannskapet ofte frå Tysnes. Det er noko ganske unikt. Det var gode pengar å tena på det også, dei var gjerne heime på Tysnes heile vinteren og drog i veg til USA på vårparten.

Utvandringa til USA var såleis stor, her som andre stader. Frå Uggdal utvandra ein heil familie som kom til å setja eit sterkt preg på det norske Amerika – nemleg Lilleheie-familien. Det har vore sagt at ingen norsk familie har sett sitt preg på amerikansk samfunnsliv som dei. Av gutane som drog med foreldra frå den fattige Heiebygda til Amerika i 1890-åra gjorde alle det særs bra, fleire av dei skapte seg karrierar, m.a. som akademikarar. Den dag i dag er Lilleheie-namnet forbunde med akademiske bragder. Ein av dei, C. Walton Lillehei, kom til å bli ein av dei fremste hjartespesialistane i USA.

Frå denne perioden må også Godøysund Fjordhotell nemnast. Hotellet vart bygd i 1883, som ei forlenging av den gamle gjestgevarstaden i Godøysundet, og var i fleire årtier eit ynda fjordhotell for både ordinære turistar og forretningsfolk frå Bergen. Utetter 1960-åra gjekk det sterkt tilbake med driften, og hotellet er i dag nedlagt. På naboøya Solstråleøya vart det i 1880-åra bygd eit lite slott. Eigaren var ein britisk adelsmann som budde her i lag med dottera si. Under unionsoppløysinga i 1905 vart øya gjeve til kronprins Olav. Slottet vart rive og etter første verdskrigen bygde kronprinsen ei hytte på øya. Hytta vart seinare flytta til Godøysund Fjordhotell. Solstråleøya er i dag eit offentleg rekreasjonsområde.

"Gudeøya Tysnes"

GudeStreif i Njardarlog. Faldar gjeve ut av Tysnes kommune 2008
I 2008 valde Tysnes kommune slagordet "Gudeøya Tysnes, framtid på historisk grunn". Det er ikkje utan grunn at Tysnes legg stor vekt på si fortid som ein sentral stad i Sunnhordland og på Vestlandet. Ei rekkje stader på øya vitnar om at Tysnes må ha spela ei sentral rolle for gudedyrkinga i området. Ein har såleis lagt særskilt vekt på det gamle namnet for hovudøya, Njardarlog. Namnet er gjerne tolka som at det vitnar om eit heilagt lovsamband, Njords lov. Også ei rekkje andre stadnamn på øya kan peika i same retning, i tillegg til stader som gravfeltet på Årbakka, prosesjonsvegen i Uggdalsdalen og dei segnene om Njord-kultus som er knytta til Vevatnet og Lundo på Myklestad. Tysnes kan såleis ha spela ei viktig rolle i Sunnhordland frå heidensk tid og fram gjennom mellomalderen, då Olavsgildet var ein sentral stad.

Organisasjonar

Kjelder og referansar

  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge, band 1 - 4. Tysnes Sogelag. 1986 - 1991.
  • Heggland, Johannes: Tysnes, det gamle Njardarlog, band 1 - 2. Tysnes Sogelag. 1964-1975.
  • Bibliografi:Tysnes kommune[1]