Val til Riksforsamlinga 1814 i Sund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Valet til Riksforsamlinga i Sund prestegjeld i Søndre Bergenhus amt skulle gjennomførast den 18. mars 1814. Det vart skrive ei adresse og fullmakt, men noko val vart ikkje gjennomført. I staden gav kyrkjelyden fullmakt til dei tre som vart valde ved amtsforsamlinga til å representere prestegjeldet.

Det går ikkje fram av adressa kvifor dei ikkje valde nokre valmenn. Den 18. mars var det ikkje for seint å kome med, for amtsforsamlinga skulle haldast den 28. same månad. Anten er det ei misforståing, at dei ikkje forsto reglane for valet, eller så var det ingen som ville ta den lange vegen til Austlandet.

Av dei 12 mennene som underteikna adressa ved sida av presten, var det seks frå Austevoll som den gongen høyrde til Sund prestegjeld.

Dei som underteikna adressa på Sund prestegård var:

  • Andreas Dass Lund, Stedets Sognepræst
  • Ole Salomonsen Bakke, h. i P.
  • Berthel O. Wilhelmsen
  • Østen K. Strande
  • Thore Erichsen Skoge, h. i P.
  • Helge Halvorsen Dommedahl, h. i P.
  • Arne Hansen Møgster, h. i P.
  • Lars Christiansen Økland, h. i P.
  • Rasmus Olsen Salthellen, h. i P.
  • Ole Siverthsen Bøe, h. i P.
  • Niels Knudsen Kleppe, h. i P.
  • Ole Jørgensen Kolbensvig, h. i P.
  • Michel Villumsen Børnes, h. i P.

Kjelder