Vatnedalsvatnet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vatnedalsvatnet før oppdemminga, omkring 1910.
Foto: Truleg August Abrahamson, frå Setesdalsmuseet

Vatnedalsvatnet eller Vatndalsvatnet er ein innsjø i Vatnedalen i Bykle kommune, vest for Otra om lag midtvegs mellom Bykle og Hovden. Vatn renn inn i innsjøen frå Ormavatnet gjennom Ormsaåni og Lisle-Urevatn gjennom Uraåni. Vatnedalsvatnet har utløp til Otra gjennom Løyningsåni.

Namnet er forklara av Olav Haslemo ei grei utleggjing i hovudoppgåva hans i norsk frå 1968, der han tek for seg gardsnamnet Vatnedalen:

Namneutviklinga er at dalen frå først av har heitt *Vatndalr. Uttalen 'Vatnedalen' kjem av at trekonsonantismen i eit opphavleg *Vatndalr er tung og vanskeleg å uttale, og dette fører til at ein «hjelpevokal» vert skoten inn mellom to av konsonantane. Då det seinare vart bruk for eit namn på vatnet i dalen, fekk dette naturleg namn etter dalen det låg i. Dette krev ikkje at vatnet først må ha hatt eit namn som dalen vart nemnd etter, dalen fekk namnet fordi det karakteristiske ved han var at vatnet oppfylte så å seie heile dalbotnen - dalen var ein 'vatndal'. Ein kan difor ikkje som T. Nomeland [i den gamle gards- og ættesoga for Bykle, 222] kalle slike (tilsynelatande) tautologiske namn, som Vatnedalsvatnet for «heimløyser», det er å setje ei altfor firkanta ramme for det psykologiske grunnlaget for namnelaginga.

Vatnedalsvatnet vart regulert fyrste gong i 1916/1917, etter at Otteraaens Brugseierforening hadde fått konsesjon for dette i 1912. Dei fleste av bruka langs vatnet vart fråflytta på den tida. Ikkje berre forsvann mykje av jorda, den viktige isvegen over vatnet vart også borte.

Kjelder

Koordinater: 59.46484° N 7.23138° Ø