Vegårsheirørsla

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Betel i Fyresdal.

Vegårsheirørsla var ei religiøs vekking i Aust-Agder og Telemark i 1860-70-åra.

Over Vrådal i Vest-Telemark gjekk det i 1860 ei eigedomleg vekking. Ekteparet John og Aashild Undeberg si trufaste forbøn var spira til denne, og den gudfryktige kvinna Gunhild Veamyrane spela ei stor rolle i denne rørsla.

I Vegårshei i Aust-Agder opplevde ein like etter, i 1870-åra óg ei omfattande vekking der sjømannen Tarjei Dalane og lensmann Knut Aas var sentrale skikkelsar. Det var menn som ikkje grov sine pund ned, men bruka sine nådegåver. Ikkje bare på Vegårshei, men óg utanfor bygda for dei som frimodige apostlar med den glade bodskap.

Inspirera frå Vrådal og Vegårshei sette så fyresdølen John Kiland i gang med møteverksemd i bygdene i Vest-Telemark. Han sende ut to unge menn, Olav Å. Breivik og Abraham Havstad, og det vart vekking ved dei både i Nissedal, Lårdal, Kviteseid, Seljord og heilt ned til . Kristenlivet hadde stor framgang i desse bygdene.

Vitjingstidene over Bamble, Sannidal og Drangedal i 1880-åra kom som eit friskt vårregn over daud rettrudom og livlaus tradisjon. Dei mest kjende forkynnarane her var svensken Anders Nilsson frå Skåne og Josef Gabriel Lie frå Risør. Populært vart dei kalla Svenske-Nilsson og Gabrielli. Det vart ei åndeleg klimaendring. Det vart fleire samanslutningar av indremisjonslag.

På Vegårshei var ein djupt skuffa då det ikkje lukkast å reformere statskyrkja. Prestane der var avvisande til vekkinga, og då Vegårshei kyrkje vart nekta å bruke til vekkingsmøta, melde Knut Aas og 260 menn og kvinner seg ut av statskyrkja og danna «Guds menighet på Vegårshei». Menigheten praktiserer barnedåp.

Olav As. Momrak Haugan og Else med born (Fotograf: Ø. O. Kaasa, Seljord. 1904?)

Fyresdal og Nissedal hadde ein levande kontakt med kristenfolket på Vegårshei og i Vrådal. Vekkinga i Vrådal i 1860 spreia seg til nabobygdene ,og på eit stort stemne i Vrådal vart Jon Kiland omvend og i han fekk den kristne lekmannsrørsla ein leiar av format. I 1888 kom så vekkinga for alvor ved brørne frå Vegårshei, Knut Aas og fleire, og mellom dei som vart frelst var Gunnar Breivik, Olav Å. Breivik, Olav As. Momrak Haugan og Abraham Havstad. Olav Breivik, Abraham Havstad og Olav Momrak Haugan førde vekkinga til nye bygder, Jon Kiland sende dei av stad. Ein greidde ikkje å unngå strid, det vart strid om retten til å forvalte nattverden og etter eit møte i Moland stengde presten J. L. Qvisling skulane for bruk av vekkinga. Indremisjonsfolket var ikkje tapt bak ei vogn og sette i gang med å bygge bedehus. Jon Kiland finansiera byggetiltaket for privat regning og alt i 1890 stod bedehuset Betel ferdig. Korkje i Nissedal eller i Fyresdal førde rørsla til sektdanning, men den var lågkyrkjeleg.

Haugane øvre Gnr. 95/2 (Fotograf Aslak Momrak Haugan 1925)

I Veum var heimen til Olav As. Momrak Haugan eit Betania. Sønene Arne (1903-1989) og Erling (1901-1971)fortalde at dei ofte sprang rundt i grenda og gjorde kjent at det skulle vere møte. Det var mange tilreisande talarar, men ein var på ingen måte avhengige av dei. Olav Momrak drog ofte utanbygds og forkynte Guds ord. Etter sokneprest Ratzau Bøckmann i Bø herma dei at den einaste som kunne tale av dei som reiste der, var Momrak. Då pinserørsla sin leiar, T. B. Barrat kom til Fyresdal i 1913 vart han teke venleg mot av Olav Momrak og hadde det fyrste møtet hjå han. Heimen til Olav As. Momrak Haugan (1868-1944) og kona Else var øvre Haugane Gnr. 95/2 i Hauggrend i Fyresdal.

I jubileumsboka for Guds Menighet Vegårshei kan ein lese: "Fra 1912-13 og utover blir det både i årskonferanse og styret anmodet om at Olav Momrak må virke i menigheten. Dette måtte tydeligvis være en kjær forkynner."

Vegårshei var i 2012 ein av dei kommunane i landet med flest folk utanfor statskyrkja, og Guds Menighet i Vegårsheien hadde nesten 1000 medlemmar.

Eksterne lenker

Kjelder og litteratur

  • Ådna, Karsten: Kristenliv i Telemark. Et festskrift ved Skien krets av Norsk Luthersk Misjonssambands 50 års jubileum. A.S. Lunde & Co.s forlag 1955
  • Svendsen,Sigrid: En vækkelse. Lutherstiftelsens forlag. Andre opplag Oslo 1971.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Sunde, Knut, redaktør: Himmelvendt og jordnær. Guds Menighet Vegårshei 1889-2014. Til tjeneste forlag. Tvedestrand boktrykkeri 2014