Voldasoga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Voldasoga er nemninga på dei første bygdebokbanda for Volda kommune, som dekte kommunen slik han var etter frådelinga av Ørsta kommune i 1883 og Dalsfjord kommune i 1921. Forfattaren var Per Årviknes, og desse bøkene er klassisk gards- og ættesoge:

Jostein Nerbøvik arbeidde med sine allmennsogeband nytta han Volda-soga 1800-1945 som samletittel.

Busetnadssoga for Volda

Busetnadssoga for Volda er eit nytt verk innan sjangeren busetnadshistorie. Her var det planlagt 6 band samt eit registerband:

Band Sidetal Lansert 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Sum
1. Dalsfjorden 608 3.12.2005 590 220 80 46 39 41 22 14 26 22 21 1121
2. Folkestad - Kilsfjorden - Bjørkedalen 488 15.12.2006 351 118 57 37 28 33 25 24 14 21 708
3. Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda 632 4.12.2007 413 160 76 30 43 33 27 22 19 823
4a. Øyralandet - Volda sentrum 720 15.12.2012 449 125 47 28 649
4b. Røyslida - Heltnane - Vikebygda 448 18.11.2011 441 120 62 24 24 671
5. Morkabygda - Lidabygda - Yksnøya 424 4.12.2009 329 69 61 18 18 10 11 516
6. Registerband 456 14.12.2015 110 110
Sum 3776 590 571 611 263 481 168 600 659 282 139 234 4598

Salstala for lanseringsåret må sjåast i samanheng med lanseringsdatoen. Band 4 måtte delast da vi såg kor omfattande det kom til å bli.

Frå og med 2015 vart verket seld samla som bokpakke. Tal frå pakkene er lagt inn i salet det året.

Forfattarar:

  • for person- og bustaddelane: Olav Myklebust (alle band).
  • for grendesogene:
    • i band 1 (2005): Gunnar Andenes
    • i band 2 (2006), 3 (2007) og 4 (2011-12): Eldar Høidal
    • i band 5 (2009): Kari Hasle

Kjelde