Voss kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Voss)
Hopp til: navigasjon, søk
Voss kommune
1235 Voss kommune.png
Basisdata
Kommunenummer 1235
Fylke Hordaland
Kommunesenter Vossevangen
Areal 1805.66  km²
Areal land 1737.43  km²
Areal vatn 68.23  km²
Folketal 14 514 (2017)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Voss kommune er ein innlandskommune i Hordaland med grenser mot Vik og Aurland i Sogn og Fjordane og mot Ulvik, Granvin, Kvam og Vaksdal kommuner i Hordaland. Kommunesenteret er Vossevangen. Kommunen er eit trafikknutepunkt, og er i våre dagar ikkje minst kjend som vintersportsstad og for sin årvisse jazzfestival.

Nåverande Voss kommune vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Voss, Vossestrand og Evanger (unnateke Bergsdalen og Øvre Eksingedal). I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vedtok kommunestyra i Granvin og Voss i 2016 å danne nye Voss kommune frå 1. januar 2020.

Voss har utgjort ei tydeleg identitetsberande distriktseining som gjennom historia har vore vedheng til skiftesvis Hardanger og Nordhordland i verdsleg og kyrkjeleg inndeling (t.d rundt 1850: «Hardanger og Voss prosti», «Nordhordland og Voss fogderi»). Også i dagens kyrkjelege inndeling høyrer Voss til Hardanger og Voss prosti under Bjørgvin bispedømme. I den rettslege inndelinga utgjorde Voss eit eige sorenskriveri frå 1919 (og det meste av 1600-talet), men høyrer frå 2006 inn under Nordhordland tingrett under Gulating lagdømme.

Kjelder og litteratur