lokalhistoriewiki.no:Hovedside

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Ukas artikkel

Oluf Kolsrud.
Foto: Teologisk fakultet, UiO

(Nils) Oluf Kolsrud (fødd 7. juli 1885 i Østre Toten, død 17. juni 1945 i Oslo) var teolog, kyrkjehistorikar, kjeldeskriftutgjevar og lokalhistorikar. Han var professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo. Truleg er han best kjend for si sentrale rolle innan kjeldeskriftutgjevinga i fyrste halvparten av 1900-talet, mellom anna som hovuddrivkraft bak skipinga av Norsk historisk kjeldeskriftinstitutt, som han også var fyrste styraren for. Kolsrud gjorde også ein betydeleg innsats for lokalhistoria særleg i Hedmark og Oppland, både som granskar, forfattar og organisator. Oluf Kolsruds gateHamar er oppattkalla etter han.Les mer...

Smakebiter fra artiklene

Hemli er ein matrikkelgard på austsida i Eidsvoll i den bygda som i mellomalderen gjekk under namnet Durål. Hemli ligg på om lag 200 meter over havet, og delet går i vest mot Milli og i nord mot Oppgarden (Okkarn) Hol. I sør går delet mot Tynsåk, Sunnold (Sandholt) og Røkholt. I aust har garden skog mot ålmenninga. I dag er det tre Hemli-gardar. Garden er nemnt fyrste gong i biskop Eysteins jordebok i 1394 i skriftforma "Hæmlini". To forngilde øyresbol låg då til Tynsåk kyrkje, og det må berre ha vori ein liten del ut av skylda. Holmsen meiner at Hemli i høgmellomalderen kan ha vori på mellom 20 og 30 øyresbol. Frå 1600-talet og framover var skylda på 1 skippund og 5 lispund.
Kart over Hemli som syner dei mange teignamna her.
Hemli er eit vin-namn, der siste leddet tyder grasmark eller eng, og namnet kan vera frå dei fyrste århundra etter kristi fødsel. Namnet kan frå fyrst av ha vori namn på ei eng slik det òg kan vera med grannegarden Milli. Fyrste leddet er truleg skyldt ordet humul (m.) i tydinga stein. Det høver godt med læget åt garden som delvis ligg på berg. Hemli ser ut til å ha vori einbølt fram til garden vart delt i to lutar kring 1640. Den eine luten vart delt i to bruk i 1757. Desse to bruka kalla einannan truleg Arstun – eigentleg "are stua", og seinare vart den eine delen kalla Karlstun (bruksnummer 7) etter ein brukar ved namn Karl Larsson i tida 1789–1816.   Les mer …

Aars og Voss skole ca. 1880.
Foto: O. Væring

Aars og Voss skole (også skrevet Aars og Voss’ og Aars og Voss's) var en skole grunnlagt i 1863 i Christiania av Peter Christiansen Voss (1837-1909) og Jakob Jonathan Aars (1837-1908). Den ble etablert som latin- og realskole, men ble fullstendig gymnasium fra 1884, etter at det ved lov av 16. juni 1883 ble bestemt at examen artium ikke lenger skulle avholdes ved universitetet. Aars og Voss skole fikk rett til å avholde examen artium på linje med de offentlige gymnasene ved kongelig resolusjon av 11. februar 1884.

Skolen holdt i begynnelsen til på hjørnet av Kirkegata og Tollbugata, men flyttet i 1865 inn i nyoppført skolebygning i St. Olavs gate 33, på hjørnet av Tullins gate. Arkitekt var Henrik Thrap-Meyer. Bygget sto til 1972, da det ble revet sammen med resten av kvartalet for å gi plass til Hotel Scandinavia, bedre kjent som SAS-hotellet. Selve skolen ble nedlagt i 1969. Den hadde da vært kommunal siden 1918.

Aars og Voss skole var populær, og en av landets største i sitt slag. Elevtallet lå lenge på rundt 800. Skolen var kjent for gode lærere og utprøvde nye pedagogiske metoder. En rekke kjente personer har vært elever her, blant andre Moltke Moe, Kristian Birkeland, Henrik Bull, Olaf Bull, Fridtjof Nansen, Rolf Stranger, Francis Bull, Erik Werenskiold og Haakon Lie.   Les mer …

Håvard Skirbekk som student 1922. Fotograf ukjent.
Håvard Skirbekk (fødd i Elverum 28. februar 1903, død på Hamar 4. februar 1983) var lærar, museumsmann, lokal- og kulturhistorikar. Han var dessutan språkinteressert og språkpolitisk engasjert. I debatten om målformer stod han for ei samnorsk linje. Han var nynorskforkjempar på austnorsk grunn og tilhengar av ei fornorsking av bokmålet. Skirbekk er kjend for sin store innsats på svært mange felt innan organisasjons- og kulturlivet på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. I 41 år var han knytta til Glomdalsmuseet, fyrst som styremedlem frå 1929, så som konservator/fyrstekonservator og styrar 1950-1970. Han fekk i gang Årbok for Glåmdalen i 1941, og var redaktør for denne heilt frå starten til det siste året han levde. Håvard Skirbekk vart i 1965 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for sitt mangfelte virke.
Håvard Skirbekk voks opp i eit politisk engasjert miljø som var både nasjonalt og sosialt orientert. Faren var aktiv venstremann og arbeidardemokrat. Da han var ordførar for Venstre i Elverum, arrangerte han i 1894 det første 1.mai-toget på landsbygda i Noreg, og elles var han ivrig folkeopplysningsmann, fråhaldsmann, målmann og forsvarsven.   Les mer …

Svensk Lappland med nyare tids utstrekning av Pite lappmark vist i lys oransje.
Pite lappmark er ei historisk såkalla lappmark kring Pite älv i Lappland i Norrbottens län i Sverige. I vår tid omfattar Pite lappmark dei noverande kommunane Arjeplog, Arvidsjaur og Malå. Arjeplog så vel som nordlege og vestlege delar av Arvidsjaur er pitesamisk område, medan resten av Arvidsjaur og Malå språkleg og kulturelt hører til det umesamiske området. Først på 1600-talet omfatta Pite Lappmark dei historiske samebyane Luokta (òg skrive Lockteå o.a.), Arvidsjaur, Semisjaur og Laisbyn. Den sistnemnte byen strekte seg ned langs fjellkjeda heile vegen til Frostviken i Jämtland, som viser at Pite lappmark altså tidlegare hadde ei betydeleg større utstrekning enn i seinare tid. Luokta tyder ‘vika’, men kva for ei vik som gav byen namnet sitt er ukjent. Arvidsjaur er oppkalla etter ein sjø med same namnet, medan Semisjaur kjem av sjøen Sebnejaure sørom Uddjaur. Laisbyn kan ha fått namnet sitt anten etter Laisälven, sjøen Stor-Laisan i Arjeplog eller kanskje den litle sjøen Laisan ved Tärna kyrkje i noverande Lycksele lappmark.   Les mer …

Ukas bilde

3788 Rongvegaarden i Aalesund.jpg
Den staselege Rongvegården i Ålesund. Eit av dei mange jugendstil-bygga i byen.
Foto: Olve Utne (2008)


Aktuelt

  • Birkeland, O B 1786-1862.jpg
    Lokalhistoriewiki har fleire satsingar i samband med 1814-markeringa. Våre artiklar om eidsvollsmennene fortel også historia til dei mindre berømte av dei, til småbøndene, matrosane, soldatane. Desse vert for tida profilerte av VG gjennom søkesida "Er du i slekt med ein eidsvollsmann?". Wikien har dessutan artiklar om dei lokale vala og om kyrkjene som vart brukte som vallokale. Norsk lokalhistorisk institutt har også registrert litteratur om 1814 på lokalt og regionalt nivå i prosjektet 1814 - Historien nedenfra. Vi oppmoder dessutan historielag og enkeltpersonar til å bidra med informasjon om og bilete av 17. maiminnesmerke.
  • Bjølstad, Oppland - Riksantikvaren-T125 01 0597.jpg
    Lokalhistoriewiki har fått overført omkring 4500 kulturhistoriske bilder fra Riksantikvarens Kulturminnebilder.no. Vi har også fått overført flere fotosamlinger fra Nasjonalbiblioteket, blant annet av Marthinius Skøien‎ og Ole Tobias Olsen. Over 5500 artikler fra Preus museums fotoregister er også blitt overført til wikien via Nasjonalbiblioteket, som drifter registeret. Her finner vi korte omtaler av fotografer og samlinger, med hovedvekt på tiden fram til 1920. Vi oppfordrer brukerne våre til å videreutvikle disse artiklene.
  • Agnes marie 1957.jpg
    Hundreåringer er en oversiktsartikkel om personer som er blitt 100 år eller mer. Nordmenn blir stadig eldre, og de siste tiåra har tallet på hundreåringer økt markant. Mens det i 1900 bare var 30 hundreåringer her til lands, hadde tallet steget til 114 i 1971. I 2008 var hele 616 norske statsborgere over 100 år, og av disse var 510 kvinner.
  • bildetekst
    Ta en titt på vår omfattende oversikt over rundt 2500 gater og veier i Oslo kommune. Både eksisterende og bortregulerte gater er med, og tabellen kan sorteres på blant annet bydel, vedtaksår og hva gaten har fått navnet sitt etter. Vi har lignende oversikter også over byløkker, torg og plasser, parker og uoffisielle stedsnavn i Oslo. Vi håper oversiktene kan inspirere til skriving av artikler om alt som har røde lenker i tabellene og dessuten til opprettelse av tilsvarende oversikter for andre byer!

Om lokalhistoriewiki.no

lokalhistoriewiki.no er en fag- og forskningswiki som drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI). Det er først og fremst frivillige med interesse for og kompetanse innen områdene den dekker, som skriver artikler og laster opp bilder. Både faghistorikere og amatører er velkomne som bidragsytere. Wikien har nå 27 200 artikler og 47 255 bilder, og om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! For å sjekke om noen allerede har begynt å arbeide innenfor ditt interessefelt, kan du for eksempel gå inn på oversiktene over geografiske forsider og emneforsider eller på oversikten over andre brukeres interesser. Hvis du trenger hjelp med å registrere deg som bruker eller komme i gang, kan du gå til hjelpesidene eller ta kontakt med Norsk lokalhistorisk institutt.

Les mer...

Personlige verktøy

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy