Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-46

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Andersson Todal (fødd 12. november 1884 i Aure, død 5. mars 1963 i Trondheim) var skolemann, underoffiser, arkivmann og lokalhistorikar, statsarkivar i Trondheim 1934-1954. Han var ein markant representant for den sterke Venstre-tradisjonen innan norsk lokalhistorie og kulturarbeid generelt.

Frå Todalen, grenda der Anders Todal hadde oppveksten sin.
Foto: Olve Utne (2010)

Han var fødd og oppvaksen i Todalen i Aure kommuneNordmøre. Foreldra var gardbrukarparet Anders Jakobsson og Karen Andersdotter Todal. Anders Andersson var den yngste av fire sysken. Han gifta seg i 1915 med Anna Sofie Hove (1886–1970) frå Åsen. Dei fekk to døtrer, Karen og Ingebjørg.

Barndomsheimen til Anders var bruket Kjerra av den mangbølte garden Todal i Indre Aure. Garden med sine mange heimar var nærmast å rekne som ein tettstad i bygda. Det budde over 120 menneske der i 1900. På heimstaden var Anders Todal omgjeven av eit miljø sterkt prega av norskdomsidealisme, fråhaldssak, skyttarvesen og Venstre-politikk generelt, og han slutta sjølv til fulle opp om denne rørsla alt frå ungdommen av og livet ut. Les meir...