Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-31

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Melfæringen «Glomstadgeita» under segl.
Foto: Olve Utne (18. juni 2011)

Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.Les mer...