Sogn
- «Sogn» har flere betydninger.
Sogn er eit landskap i Sogn og Fjordane fylke fylke i landsdelen Vestlandet som dekkjer områdi kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtidi utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtida og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).
Sogn har eit samla areal på 10 675 km² [1] og har 36 644 innbyggjarar (1.10.07) [2]. Landskapet omfattar dei tolv kommunane Aurland, Balestrand, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal. Sogn er eit av de 15 distrikta som gjerne vert rekna til landsdelen Vestlandet.
Distriktet kring den storslegne Sognefjorden har mange vidkjende reisemål og attraksjonar, inkludert Norsk Bremuseum i Fjærland ved Jostedalsbreen, Flåmsbana og den UNESCO-lista Nærøyfjorden i Aurland; og dessutan stavkyrkjene i Borgund, Undredal og Urnes (UNESCO). Området er òg kjent for fruktdyrking og har fleire gode lakseelvar, på Lærdalsøyri ligg Norsk Villakssenter. Sogn er eit populært reisemål for cruisetrafikk og grensar til Jotunheimen i aust.
Folk frå Sogn vert kalla sogningar og snakkar sognemål. Sognebunaden kjem frå området.
Administrative inndelingar
- Distriktet utgjer næringsregion (NHO) Sogn, utanom Solund, Gulen og Hyllestad som inngår i næringsregion HAFS (saman med Askvoll og Fjaler i Sunnfjord).
- Kommunane deltek i Sogn regionråd, utanom Solund, Gulen og Hyllestad, som deltek i regionrådet HAFS (saman med Askvoll og Fjaler i Sunnfjord), og Høyanger som har meldt seg ut av Sogn regionråd.
- Høyanger, Hyllestad og Solund inngår i rettsområdet for Fjordane tingrett, Gulen i rettsområdet for Nordhordland tingrett (høyrde før 1.9.2006 til Fjordane tingrett), og dei øvrige kommunene i Sogn utgjer rettsområdet for Sogn tingrett, alle under Gulating lagdøme.
- Indre Sogn prosti under Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja omfattar Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland.
- Ytre Sogn prosti (også under Bjørgvin) omfattar Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Balestrand og Vik.
- Distriktet utgjorde det tidlegare Sogn futedøme, frå 1630 delt i Indre og Ytre Sogn futedøme.
Lenkjer
Fotnotar
Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Sogn (distrikt)» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden. Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon. |