Forside:Kragerø kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Forside Grenland Mal:Portal underside

Kategorier for Kragerø kommune
Smakebiter fra artikler
Viggo Ullmann tok initiativet til målparagrafen.
Målparagrafen var paragrafen i folkeskulelovene som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i undervisninga. Hovudprinsippa gjeld framleis og er i dag ein del av opplæringslova. Lovendringa som Stortinget vedtok i 1892, var ei konkretisering av jamstellingsvedtaket frå 1885, og det var eit avgjerande vedtak når det galdt å gjera nynorsk til offisielt jamstelt skriftspråk og bruksspråk i det norske samfunnet. Målrørsla hadde sidan 1870-åra arbeidd for at det skulle bli mogleg å bruka nynorsk (landsmål) i skulen. Eit fyrste steg var vedtaket i 1878 om at "Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal." Etter dette måtte læraren retta seg etter dialekten til elevane. Jamstellingsvedtaket i 1885 gjorde i prinsippet nynorsk til offisielt språk i skule- og styringsverket. Det vart opp til Johan Sverdrups skulekommisjon (nedsett november 1885) som skulle utarbeida nye folkeskulelover, å implementera dette i lovverket. Det nynorskvenlege fleirtalet i kommisjonen kom med eit framlegg til målparagraf, men då folkeskulelovene vart vedtekne i juni 1889, gjorde fråfallet i Venstre at framlegget ikkje fekk fleirtal. Etter Venstre sin valsiger i 1891 tok partiet opp att saka.   Les mer…

Mal:Forside sisteteaser B