Velledalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Velledalen er et frodig dalføre aust i Sykkylven. Det strekker seg fra Fetvatnet og Fetgardane i vest til grensa mot Stranda i aust. Tradisjonelt har landbruket stått sterkt i Velledalen. Framleis er dalen eit kjerneområde for landbruket i Sykkylven kommune. Her er fleire brukarar som har gått over til økologisk drift. Knapt nokon stad i landet er det ein så høg andel av brukarane som driv økologisk.

I Velledalen var det fram til 1980-åra også ein del møbelproduksjon. Bedriftene her dreiv i hovudsak delleveransar av treverk til stoppmøbelbedrifter i området, men her var også større stoppmøbelbedrifter som Brødrene Brunstad og Lade Møbelfabrikk. I dag er det berre einmannsbedrifta Fet Møbelfabrikk igjen i Velledalen. Han vert driven av Øyvind Fet og produksjonen er tregrindar til møbelfabrikkar.

Busetnaden i Velledalen er desentralisert og spreidd ut over på gardane i dalen. Dei siste tiåra er det også bygd ein del hus nummer to på gardane. I tillegg er det etablert eit kommunalt byggjefelt midt i dalen, Tregarane. Mellom byggefeltet og elva ligg Velledalen skule, barnehagen og Dalemyra idrettsplass. Velledalen skule er kommunal, men er no vedteken lagt ned av kommunestyret. Velledalingane har lagt planar for å føre skulen vidare i privat regi, som ein Montessoriskule.

Velledalen er kjent for sin unike dugnadsånd. Då krinsen trong eit nytt samnlingshus starta dei med revyar som gjennom nokre skaffa fram gunnkapitalen til det som vart Grendahuset i Velledalen. Dei siste åra har Velledalen også greidd å få fram arrangement som kombinerer det humoristiske med det sosiale og helsefremjande. Tiltak som romjulsmarsjen, Konradløpet, Sildedagen, Folkeskirennet og Brøvollfestivalen har utvikla identitet og samhald. Selskapet Velledalen i balanse har gjennomført ei rekkje bygdeutviklingstiltak for å skape trivsel og framgang i dalen. Selskapet står bak drifta av daglegvarebutikken på Brunstad.