Torleif Tandstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Torleif Tandstad er ein kunstsamlar frå Sykkylven. Tandstad vart fødd i Sykkylven i 1936. Foreldra var Ola og Berta Midtbust Tandstad. Faren var heradsagronom i Sykkylven, men var også i ein bolk ordførar i kommunen. I tillegg var han diktar og lokalhistorikar.

I 1959, 23 år gammal reiste Torleif til USA for å studere. Denne reisa skulle vise seg å bli eit avgjerande vegskilje for han. Han kom seinare til å forbli i USA. Hun utdanna seg til flyingeniør og frå 1963 arbeidde han i ulike flydesignfirma i USA. Etter nokre år i denne bransjen søkte han nye utfordringar. Allereie frå 1965 hadde han byrja å samle kunst. På denne tida vart han kjent med ein annan kunstsamlar, Larry Hartford. Saman med Hartford og Barbara Roberts kjøpte han kunstrådgjevingsfirmaet, Antiques & Art Appraisals Co. i Los Angeles i 1972. I åra framover fekk han mange kjende filmstjerner som kundar. Dei tok også oppdrag for store filmselskap som Paramount Studios og MGM.

Etter nokre år i Los Angeles flytta Tandstad, og kollegaen Hartford, i 1996 forretninga til småbyen Fort Collins i Colorado. Hartford døydde i 2012, men fpør han døydde hadde dei to samarbeidspartnarane blitt samde om å donere heile kunstsamlinga til California State university.