Sigurd Aamlid
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Sigurd Aamlid (fødd 8. september 1889 i Valle i Setesdal, død 19. november 1964) var lærar, underoffiser, mål- og ungdomslagsmann.
Han var son av bonde Torjus Halvorson Aamlid og Tora Eivindsdotter. Sigurd Aamlid tok eksamen ved underoffiserskulen i 1910 og lærareksamen fire år seinare.
I 1915 vart han tilsett som lærar ved Nordbygda skule i Heddal, men fekk snart ein post i Kristiansand. Sigurd Aamlid, som seinare vart overlærar, var frå 1931 lærarane sin representant i skulestyret. Som lærar dreiv han òg med skulekringkasting for radio, og laga mellom anna programma «Litt frå og um Sørlandsbyane» (1936) og «Kristiansand. Eit moderne trafikksentrum» (1939).
Aamlid var engasjert i ungdomsarbeidet, mellom anna som styremedlem i Vest-Agder ungdomslag i to år. Han var òg styrar av Agder målkontor.
Sigurd Aamlid vart gift med Gunnhild Tellefsen (1898-1976), dotter av kjøpmann Simon Tellefsen og Karen f. Lindebø. Gunnhild og Sigurd Aamlid hadde i 1934 to døtrer.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 2118447), med bilete av gravminnet.
- [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_dra_1990-02690P Klipp frå programmet «Kristiansand. Eit moderne trafikksentrum» (1939).
- Mal:Folketelling person
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket