Gunnar Berg (1863–1893)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Berg (1863–1893)

Gunnar Berg (18631893) var ein norsk målar og kjent som ein av lofotmålarane.

Gunnar Berg vart fødd i 1863 i Svolvær i Lofoten som væreigarson og vaks opp der. Han var opprinneleg etla for handelskarriere, og etter læretida i forretninga til familien drog han til Bergen for å begynna på handelsutdanninga i 1882. Her vart han oppfordra til å utnytte kunsttalentet sitt, og i 18831885 studerte han målarkunst i Düsseldorf. Etter studia reiste han heim til Lofoten der han med hjelp frå foreldra bygde seg eit atelier på Svinøya i Svolvær. Atelieret er modernisert og bevart.

Gunnar Berg pendla mellom Tyskland og Lofoten. Om somrane i Lofoten hadde han eit eige lag med tilreisande. Han både selde kunsten og gav gjestene ei oppleving av staden, landsdelen og kunsten.

I 1893 fekk han kreft og laut amputere det eine beinet. Likevel reiste han til Berlin, der han dødde same vinteren. Gunnar Berg vart gravlagt i gravkapellet til familien på Gunnarholmen i Svolvær. Der vart reist ei byste av honom i 1994.

Gunnar Berg blir i dag rekna som den største målaren frå Nord-Noreg og som ein av dei viktigaste i Noreg innanfor sin genre. Blant dei viktigaste måleria hans må nemnast Fra Svolvær havn og Trollfjordslaget; — det siste viser ein faktisk kampepisode frå Lofotfisket 1890.

Lenkjer

Litteratur

  • Jens Andvig, «Lofotfisket og Gunnar Berg og Kaare Espolin Johnson». I: Skolp : årsskrift for Vågan historielag, 1984
  • Gerd Røsand Bremnes, «Maleren Gunnar Berg - et hundreårs minne ». I: Årbok for Vågan, 1993
  • Holst, Erling. «Gunnar Berg, Lofotens maler». I: Kunst og kultur, 1963
  • Per Posti, Trollfjordslaget, myter og virkelighet. Svolvær: Montanus forlag, 2001 (1. utg: Tromsø, 1991)
  • Per Posti, «Lofoten i billedkunsten fram til 1920-årene». I: Ottar, nr 3, 2000
  • Per Posti, Gunnar Berg 1863-1893, minneutstilling 1993. Tromsø Kunstforening, 1993 (Utstillingskatalog

Mal:Bokmålswikipedia