Hans Barlien

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Andersen Barlien (fødd i Overhalla 29. februar 1772, død i Sugar Creek, Iowa, USA 31. oktober 1842) var bonde, handverkar, industrigründer og politikar. Han er mest kjend som agitator for bondepolitikken med front mot embetsstanden i tidsrommet frå 1814 til han emigrerte til USA i 1837. Han var stortingsmann 1815-1816, og gjorde fleire forsøk på å bli valt seinare, men vart bevisst hindra i dette ved rettsforfølgjingar som med meir eller mindre rett vart sette i gang mot han.

Barlien var ein særs markant representant for eit tidstypisk sjikt av bondekapitalistar, storbønder som dreiv eit meir eller mindre marknadsintegrert jordbruk, ofte kombinert med anna økonomisk verksemd. Dette sjiktet hadde ei heilt handgripeleg og personleg interesse av næringsfridom og avskaffing av det gamle privilegiesamfunnets særrettar for byborgarskap og adel. Det var dette grunnlovsarbeidet på Eidsvoll i 1814 skulle leggje til rette for, og som i dei etterfølgjande tiåra skulle eit godt stykke på veg skulle bli realisert ved demokratisering av politikken og liberalisering av næringslivet.