Lars Magnus Moen (fødd i Lesja29. november1885, død på Lillehammer fylkessjukehus 22. april 1964) var skreddar og politikar. Han var «husmannsguten som kom til kongens bord» idet han vart kyrkje- og undervisningsminister under statsministrane Einar Gerhardsen og Oscar Torp, i åra frå 1948 til 1953. Som stortingsmann og statsråd gjorde Moen mykje for å betre skulestellet i landet. Mellom anna gjorde han fyrste opptakten til den niårige grunnskulen. I hans statsrådstid vart ei rad viktige kulturinstitusjonar grunnlagde som gjorde mykje til å demokratisere tilgangen til kulturtilbod, geografisk og sosialt. Han skreiv nynorsk, og hadde på lang sikt eit ønske om språkleg samling i landet. Under krigen vart han arrestert for motstand mot regimet, og sat tre og eit halvt år i konsentrasjonsleir.Lars Moen var fødd på plassen Rånålykkja på Lesjaskogen. Det var husmannsplass under Sygard Rånå. Foreldra hadde teke til der året før Lars vart fødd. Les mer…
Lebesby kirkested i Laksefjord i 1948.
Foto: Det Norske næringsliv : 13 : Finnmark fylkesleksikon, 1952.
Stedet Lebesby (samiskDavvesiida) ligger på østsiden av Laksefjorden, omkranset av holmer og øyer. Lebesby var fram til 1944 administrasjonssenter i Lebesby kommune.
Gjennom tidene har navnet Lebesby gjennomgått mange endringer. Fra 1500-tallet finner en i svenske kilder stedet omtalt som Daveby. Siden skriver man Lybsby, Libbisby, Lysby o.s.v., til det endelige Lebesby. Det samiske navnet på stedet er Davvesiida som kan oversettes med: Den nordligste samiske boplass. Les mer…
Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952
Sigurd Balsnes (fødd 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993 i Vadheim i Høyanger kommune) var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje. Les mer…