Forside:Frogn kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jun. 2009 kl. 08:57 av Raymond Johansen (samtale | bidrag) (Navigasjonsmal)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Forside Frogn

Mal:Portal underside

Eksterne ressurser
Kategorier for Frogn kommune
Smakebiter fra artikler
Johan Fredrik Voss
Johan Fredrik Voss (fødd i Haus ved Bergen 29. juli 1883, død 18. august 1966) var skulemann og nynorskforkjempar. Han var ein sentral person for målrørsla i akademiske krinsar, mellom anna som leiar i Studentmållaget og hovudmann bak Pønskarlaget ved Universitetet i Kristiania. Yrkesgjerninga og samfunnsinnsatsen hans kom særskilt landsgymnasa til gode. Landsgymnas var ei viktig fanesak for målfolket. Voss starta på privat basis det fyrste av desse i Volda. Han var sidan lektor ved Voss offentlege landsgymnas og rektor ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Som rektor på Eidsvoll 1922-1945 var han ein dugande skuleleiar, men også omstridd. Det siste hang både saman med hans kompromisslause standpunkt i målsaka og med hans politiske haldningar. Under krigen gjekk han inn i NS og hadde fleire viktige verv særleg lokalt, men også i fylket og til dels i kulturpolitikken på nasjonal basis. Han vart avsett som rektor i 1945 og dømt for landssvik.   Les mer…


Lebesby kirkested i Laksefjord i 1948.
Foto: Det Norske næringsliv : 13 : Finnmark fylkesleksikon, 1952.

Stedet Lebesby (samisk Davvesiida) ligger på østsiden av Laksefjorden, omkranset av holmer og øyer. Lebesby var fram til 1944 administrasjonssenter i Lebesby kommune.

Gjennom tidene har navnet Lebesby gjennomgått mange endringer. Fra 1500-tallet finner en i svenske kilder stedet omtalt som Daveby. Siden skriver man Lybsby, Libbisby, Lysby o.s.v., til det endelige Lebesby. Det samiske navnet på stedet er Davvesiida som kan oversettes med: Den nordligste samiske boplass.   Les mer…
Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952
Sigurd Balsnes (fødd 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993 i Vadheim i Høyanger kommune) var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje.   Les mer…
Per Almås
Foto: Norske skolefolk, 1952
Per Almås (Peder Georg), født 2. august 1910 på Stord, død 16. februar 1991, same stad, var lærar og snikkar. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1936 og Eksamen artium i 1946. Han var overlærar ved Sogn ungdomsskule (seinare Askelund folkehøgskule) i Balestrand i 20 år frå 1936 og flytte seinare attende til Stord.   Les mer…
Rakel Støyva Apalseth
Foto: Norske skolefolk, 1952
Rakel Apalseth, født 10. januar 1902 i Breim, død 4. juni 1986 i Førde, var lærar. Ho hadde eksamen frå Volda lærarskule 1923-1924 og Den kvinnelige industriskole i Oslo 1939. Rakel var lærar i Byrkjelo krins i Breim 1924-1941, Gloppen 1941-1946 og Førde krins i Breim frå 1946. Ho var og aktiv i IOGT.   Les mer…