Åfjordsbåt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åfjordsbåten «Skårungen».
Foto: «Dovendjur»

Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.

Åfjordsbåten er ein relativt moderne båttype som trulig vart utvikla kring 1700-talet. Før den tida ser det ut til at geitbåtar av nordleg type vart bruka der åfjordsbåten seinare slo gjennom. Utover 1800-talet og innpå 1900-talet vart åfjordsbåten vanleg heilt sørvest til Smøla og tildels Kristiansund på Ytre Nordmøre. Åfjordsbåten har òg påverka geitbåtane ein del — først og fremst aurgjeldgeita. Lånte trekk inkluderer blant anna fast drigle i attrommet, vaterbord, flatkeipar (heller enn skjeggkeipar) og rorkult (heller enn styrvol).

Størrelsar og typar

Færing

Seksring

Halvfjerming

Firing

Lestabåt

Toskgansbåt

Lofotbåt

Vengbåt

Galleri

Litteratur

  • Gunnar Eldjarn og Jan Bojer Godal: Nordlandsbåten og Åfjordbåten. Båtstikka D/A Rissa 1988-1990.

Sjå også