Årmotdalsvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. mar. 2017 kl. 01:37 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Årmotdalsvegen sett østover ved stulen Årmot.
Foto: Roy Olsen (2016).

Årmotdalsvegen i Årmotdalen i Bø i Telemark går vest og nordover frå krysset med Skjelbreidvegen ved Åsebrua over Åseelva og følgjer elva over kommunegrensa mot Notodden til Gavlesjå.

I 1936 blei vegen bygd frå Åsebrua og fram til Moen med tilskot frå Bø kommune, Telemark fylkeskommune og Staten. I 1954/55 bygde ein strekninga Moen-Gvolven som privat skogsvei. Fylkeskommunen overtok ansvaret for vedlikehaldet for vegen i 1956. Seinare overtok Bø kommune forpliktingane. Årmotdalsvegen blei lagd ned som kommunal veg i 2007 og overtatt av grunneigarar med eigedom på minimum 10 mål.

Namnet «Årmotdalvegen» blei vedteke for strekninga Åsebrua-kommunegrensa i 1988. Vegen derifrå og fram til Gavlesjå fekk namnevedtak av Notodden kommune i 2017. Vegen er stengd med bom ved Åsebrua. Den er utan fast dekke.

Kjelder

  • Bø kommune, formannskapssak nr. 20, 1. februar 1988.
  • Bø kommune, Plan, teknikk og næring, Sak nr. 000/00, 00. xxxx 2014. (Sjekk PDF-fil)
  • Kartverket: norgeskart.no


Koordinater: 59.47821° N 9.07032° Ø