Balestrand krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. sep. 2022 kl. 06:43 av SSolheim (samtale | bidrag) (lett språkvask)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sagatun Skule

Balestrand krins var ein skulekrins i Balestrand kommune i Sogn. I åra 1891-1892 var Balestrand skule ei tredelt skule. I 1893 vart skulen firdelt og var det vertfall fram til 1900.

Skulehus

Balestrand krins hadde skulestove på Sande i åra 1891-1900. Klasserommet hadde plass til 28 barn. Skulehuset hadde «aftrædelsesværelse». I tillegg høyrde det til familiebustad for læraren og jordveg.

Småskulen var i eit leigd lokale på Fjærestad med plass til 20 barn.

Skulehuset på Sagatun vart bygd i 1905 og står enda, men er ombygd. Dei fleste dekorasjonane på utsida er fjerna. Huset bestod av 2 rom nede, eit stort rom oppe og sløyd i kjelleren. Innsida er også ombygd og brukas i dag som arbeidssenter.

Skuledagen

Man gjekk på skulen annenkvar dag, også på laurdager. Skulen begynte 9 og var som regel ferdig i 2 tida. 1. klasse gjekk aleine, mens resten gjekk saman. Dei drev ikkje med fysisk avstraffing på Sagatun, og det var heller ingen som blei sendt på gangen. Mulla Kvikne forteller at ho kunne gå hjem å spise middag i lunsjtiden. Det var ingen ekstraundervisning for dei vanskelegstilte. Songtimane var dei minst populære.

Skulevegen

Skulen ligg sentralt i Balestrand og for dei som budde der var det kort veg. Det var også mange som hadde lengre skuleveg, spesielt dei som bodde i Tuftedalen.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ese Johan Sagatun

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.20921° N 6.53492° Ø