Bergstovegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. sep. 2021 kl. 14:18 av Rool (samtale | bidrag) (Oppretter side.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Bergstovegen med tidlegare Bergsto skule til venstre.
Foto: Roy Olsen (2021).

Bergstovegen i Fjågesund i Kviteseid kommune går austover frå Fjågesundvegen i Bergstogrenda, langs Flåvatn til den ender i skogen ved plassen Groa.

Vegen er 6,9 km lang og har namn etter Bergstogrenda/garden Bergsto. Dei første 4,6 km er kommunal veg med bustadhus og gardar, resten er skogsveg.

Attmed vegen ligg Bergsto brygge som er anløpsstad for kanalbåtane.

Nr. 282 er Bergsto tidlegare skule som no er grendehus. Da Fjågesund fekk ny skule vart den gamle skulestoga frakta på vatnet ut til Oddebukti i Bergstogrenda og sett opp nede ved vatnet. Det var i 1912. Det var skule her fram til 1958. Da var det ikkje nok elevar, og skulen vart lagd ned.

Kilder


Koordinater: 59.29594° N 8.70022° Ø