Jon Hole

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. des. 2012 kl. 13:27 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Jon Hole (1930 - 2012) var lærar og lokalhistorikar frå Sykkylven. Han voks opp på garden Hole i Velledalen, som nummer to av seks søsken. Som eldste gut hadde han odelsretten til ga...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jon Hole (1930 - 2012) var lærar og lokalhistorikar frå Sykkylven. Han voks opp på garden Hole i Velledalen, som nummer to av seks søsken. Som eldste gut hadde han odelsretten til garden Holen. Han hadde gode evner og tok 2-årig gymnas på Nordfjordeid. Då praktiserte han ei tid som lærarvikar i heimbygda. I 1951 døydde faren og ein del av ansvaret for stelet av garden gjekk over til Jon.

I 1952 reiste han til Hamar for å gå lærarskulen. Han kom attende som ferdig utdanna lærar til Sykkylven i 1954. Dei følgjande åra hadde han lærarstilling både på Vik og Aure skule. Så kom han til ungdomsskulen der han var resten av dei yrkesaktive åra sine. Som lærar vert Jon Hole omtala som streng, men rettvis og med stor omtanke for elevane sine.

Nyttårsaftan 1963 gifte han seg med Ruth f. Skotte, som også var lærar. Saman fekk dei fem born.

Ved sida av lærargjerninga engasjerte Jon Hole seg i lokalhistorisk arbeid. Han var interessert i foto og byrja tidleg med innsamling av historiske bilete i heimkommunen. Dette arbeidet resulterte i tre biletbøker som alle fekk tittelen; Bygda og folket i farne tider. Det siste bandet i denne sereien tok føre seg historiene til mange av dei som flytte frå Sykkylven til USA.

Lokalhistorisk produksjon av Jon Hole:

  • 50 år i god form. Hj. Brunstad Fabrikker A/S 1941-1995. 102 s. Sykkylven 1991.
  • Bygda og folket i farne tider. 1 (1988), 2 (1990) og 3 (1994).
  • Gjennom krig til fridom. Sykkylven 1940-45. 32 s. Utgjevar Sykkylven Bygdesogenemnd. Sykkylven 1985.
  • Handelsnæringa i Sykkylven. 70 s. Utgitt av Sykkylven handelsforening. Sykkylven 1983
  • Industrien i Sykkylven. 54 s. Utgjevar Sykkylven Industrilag. Sykkylven 1981.
  • Skulen i Sykkylven 1739-1989. Allmugeskule - folkeskule- grunnskule. 30 s. Utgjevar Sykkylven kommune. Sykkylven 1989.
  • Sykkylven bibliotek 1892- 1992. 22 s. Utgjevar Sykkylven bibliotek. Sykkylven 1992.
  • Sykkylven Gjensidige Branntrygdelag 1886 -1986. 32 s. Sykkylven 1986.
  • Sykkylven kommune- Sykkylven kyrkje 1883 - 1983. 211 s. Medforfattar Mindor Hjellegjerde. Sykkylven 1983.