Brattrud (Bagn)
Mal:Infoboks matrikkelgård Brattrud, tidligare skrevet Bratrud, er ein gard i Bagn i Sør-Aurdal. Han ligg i Vestre Bagn på omkring 470 moh.
Namn
Namnet kjem ifølgje Rygh frå norrønt Brattaruð, «brattrydningen»[1].
Historie
Den fyrste skriftlege kjelda som nemner garden er eit diplom datert 7. april 1454, som fortel at Ivar Ivarsson selde ti løberbol i Brattrud til Halkel Thorgilsson[2]. Garden må ha vore eldre enn dette, og namneleddet -rud tyder på norrøn tid. Den ser ut til å ha vorte ein ødegard, som så ble nyrydda tidleg på 1500-talet. Rundt midten av 1600-talet var det to garder, Søre Brattrud og Nørdre Brattrud. Søre Brattrud vart vidare delt i to like deler i 1760, medan Nørdre vart delt i to like deler i 1724. Bruk 1 er eit av dei to fra Nørdre Brattrud.
Frå matriklar og panteregister
Matrikkel 1647 | |
Gammal matrikkel | MN 147med skyld 3 hudar |
Matrikkel 1838 | MN 20 med skyld 11 skylddaler 2 ort 20 skilling |
Matrikkel 1887 | MN 23 med skyld 20 mark 91 øyre |
Areal og antall bruk 2009 |
Referansar
- ↑ O. Rygh, Norske Gaardnavne, b.4, s.225
- ↑ DN I, nr. 828
Kjelder
- Diplomatarium Norvegicum
- Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind A Reinli og Vestre Bagn, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Eksterne lenkjer
- Faktaark fra Kartverket
- Mal:Folketelling bosted land
- Mal:Folketelling bosted land
- Mal:Folketelling bosted land
Koordinater: 60.814444° N 9.537222° Ø