Lise Stauri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lise Karine Stauri (fødd i Stavanger 6. januar 1882, død i Sør-Fron 14. februar 1949) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmenneske. Namnet hennar er sterkt knytta til Gudbrandsdalens folkehøgskuleHundorp i Sør-Fron. Ho dreiv fyrst saman med mannen sin, Rasmus Stauri, som var grunnleggjar og styrar av skulen. Da han gjekk bort i 1932, tok ho over som styrar og var det i mange år etter det, nesten heilt fram til ho døydde. Lise Stauri var den fyrste, og i si tid den einaste, kvinnelege folkhøgskulestyraren i landet. Ho var internasjonalt orientert, noko som gav seg konkrete utslag i verksemda ved skulen på Hundorp.

Familie og oppvekst

Lise Stauri, fødd Høie, var dotter av Rasmus Høie (1833-1909) og Lise Karine Tronsdotter Tjøstheim (1846-1891). Faren var styrar for St. Petri folkeskule i Stavanger, og han var også unitarprest. Mora døydde da Lise var ni år gammal, og småjenta vart da teken inn i familien til den eldre systera si, Dorothea, som var gift med avisredaktør, venstrepolitikar og seinare amtmann og statsråd Oddmund Vik i Stavanger. I folketeljinga 1900 bur Lise igjen hjå faren og hans nye familie.[1] Ho var på det tidspunktet seminarelev, dvs. lærarstudent.

Lise Høie gifta seg i Øystese Kvam, Hordaland) 3. august 1907 med folkehøgskulestyrar Rasmus Eirikson Stauri (1867-1932). Dei fekk desse borna:

  • Sigrid (1908-1992), gift med sokneprest Ingvald Skaare.
  • Liv (1909-), gift med Herman Solås.
  • Eli (1911-1998), gift med Einar A. Almehagen.
  • Are 1912-1972), gift med Dagny Vedum.
  • Synnøve (1918-2012), gift med Kaare Hernæs.

Referansar