Furnia

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. okt. 2013 kl. 13:57 av Kallrustad (samtale | bidrag) (formatering og kategorier)
Hopp til navigering Hopp til søk

Furnia er ei møbelbedrift i Sykkylven, skipa 1. januar 2013. Furnia er ein fusjon av tre møbelbedrifter: Sandvik (Ørsta), Sitwell (Stordal) og Rajo (Sykkylven). Bedrifta har hovudkontor i det tidlegare fabrikkbygget til Hjellegjerde Møbler i Sykkylven.

Dei tre bedriftene som har gått saman i Furnia, hadde gjennom fleire år eit samarbeid på salssida. Dei var alle relativt små i størrelse og innsåg etter kvart at det ville bli positive synergiar om dei tok samarbeidet eit steg vidare. I vurderinga av kvar dei skulle opprette fellesadministrasjon, la dei vekt på at dei ville vere i eit miljø med gode støttefunksjonar for møbelproduksjon. Valet fall då på Sykkylven som framleis er den kommunen i landet som har flest møbelbedrifter.

Dei tre tidlegare produsentane fyller kvarandre ut. Rajo har lenge vore kjent som ein leverandør av salongmøblar i mellomklassa, Sandvik var spesialist på møblar for spisestove og kjøkken, medan Sitwell har hatt ein allsidig salongmøbelproduksjon, og også ein kolleksjon av seniormøblar. Furnia kan då, som ein av dei få, tilby komplette interiør til kundane sine, i første rekkje møbelkjedane.

Lars Urtegård er dagleg leiar for selskapet.

Kjelder