Åfjordsbåt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. nov. 2007 kl. 13:47 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: Ein '''åfjordsbåt''' eller '''åfjording''' er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Na...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygde er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.

Åfjordsbåten er ein relativt moderne båttype som truleg vart utvikla kring 1700-talet. Før den tida ser det ut til at geitbåtar av nordleg type vart bruka der åfjordsbåten seinare slo gjennom.