Årmotdalsvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jul. 2017 kl. 23:37 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Årmotdalsvegen sett østover ved stulen Årmot.
Foto: Roy Olsen (2016).

Årmotdalsvegen i Årmotdalen i og Notodden går vest og nordover frå krysset med Skjelbreidvegen ved Åsebrua over Åseelva og følgjer elva over kommunegrensa mot Notodden til Gavlesjå.

I 1936 blei fyrste del av vegen anlagt frå Åsebrua og fram til Moen med tilskot frå Bø kommune, Telemark fylkeskommune og Staten. I 1954–55 bygde ein strekninga Moen–Årmotgvolven som privat skogsvei. Fylkeskommunen overtok ansvaret for vedlikehaldet av vegen fram til Moen i 1956, og seinare overtok Bø kommune forpliktingane.

Kring 1970 anla Sundsbarm kraftverk skogsbilveg vidare frå Årmotgvolven til Notodden kommunegrense som erstatning for bortfall av tømmerfløyting i Åseelva.

Privat skogsbilveg blei etappevis bygd frå kommunegrensa til Grønbygil på 1970-talet. Det blei sett opp bom som seinare blei tatt ned.

Ei felles vegforening for sommarvedlikehald av privatvegen Moen–Grønbygil (7,2 km) starta opp i 1986. Bomkasse blei sett opp ved Øverland for årskort og dagsbesøk. Årskort for hytteeigarane.

Årmotdalsvegen blei lagd ned som kommunal veg i 2007 og overtatt av «Årmotdalen veglag».

På eit fellesmøte for alle berørte grunneigarar 11. november 2010 blei det samrøystes vedtatt at vegforeninga skulle ha ansvaret for heile vegstrekninga frå Åse bru til Grønbygil.
8. mars 2011 blei nytt fordelingsskjønn einstemmig vedtatt. Minstekrav for å bli medeigar i vegen er eigedom på minimum 10 mål.

I samband med privatiseringa blei bommen flytta frå Øverland til Åsebrua i 2011. Veglaget har kun ansvar for sommarvedlikehald av vegen.

Namnet «Årmotdalvegen» blei vedteke for strekninga Åsebrua–Moen i 1988. I 2015 blei namnet retta til «Årmotdalsvegen», med binde-s, og namnet blei vedtatt også for resten av vegen fram til kommunegrensa mot Notodden.

I januar 2017 vedtok Notodden kommunestyre at vegen frå kommunegrensa og fram til Gavlesjå skulle vere Årmotdalsvegen også i deira kommune.

Kjelder

  • Bø kommune, formannskapssak nr. 20, 1. februar 1988.
  • Bø kommune, Teknisk eining, Sak K2-Q15, 2014 + saksvedlegg.
  • Notodden kommune, kommunestyresak nr. 7/17, 2. februar 2017. Arkivsaksnr: 16/1699
  • Kartverket: norgeskart.no


Koordinater: 59.47821° N 9.07032° Ø