Åsland skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. mai 2011 kl. 11:42 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Åsland skulehus.''' Åsland gamle skulehus var bygd 1863, vart rive 1926 og nytta til anna bruk. Uthusbygning. Ny skulehustomt like ved. Åsland novera...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Åsland skulehus.

Åsland gamle skulehus var bygd 1863, vart rive 1926 og nytta til anna bruk. Uthusbygning. Ny skulehustomt like ved. Åsland noverande skulehus er bygd 1926. Nedlagd som skule 1950 og er i 2011 grendehus.

Åsland skulehus, inngangsparti (Olav Momrak-Haugan 2007)
Åsland skulehus bakside (Olav Momrak-Haugan 2007)

I Fyresdal kommne er det ei rekke skulehus med ulik utforming avhengig av perioden dei vart bygd. Medan det ei tid var vanleg at det var eit langsgåande bislag bygd utanpå tømmerkassa, vart det ved bygging av Åsland skulehus slik at gangen vart trekt inn att i tømmerkassa slik at det var ein lang gang framom skulestove og rom for lærar. Slik er Åsland bygd 1926 og Birtedalen bygd 1922.

På foto frå Åsland ser ein tydeleg denne inndelinga med to rom og med gangen frammom.

Åsland skulehus er eit godt fungerande grendehus som etter kvart vil bli pussa meir opp slik at det tilfredstiller krava til eit godt fungerande grendelag.