Ø. Uri & Sønn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. apr. 2014 kl. 12:07 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (pirk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ø. Uri & Sønn er ei rørleggarbedrift i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av Øystein Uri i 1946. Bedrifta har utført alle slags rørleggartenester, både for bedrifter og private. I tillegg har Ø. Uri & Sønn hatt butikkutsal av baderomsutstyr og sanitærartiklar i eigne lokale i Sykkylven sentrum. Etter at Øystein Uri trekte seg ut av drifta, tok sonen Terje Uri over leiinga av verksemda. Under Terje Uri si leiinga voks bedrifta kraftig og tok også på seg mange oppdrag utanfor kommunegrensene. Terje Uri engasjerte seg også i produksjon av baderomsinnreiingar gjennom verksemda TT Multi.

I 2014 vart sykkylvsverksemda kjøpt opp av Gjerde Invest som dreiv Rørservice Ulsteinvik. Ø. Uri & Sønn hadde då 27 tilsette og ein god ordrereserve. Hovudeigar Terje Uri forklarte salet med at bedrifta stod framfor eit generasjonsskifte, og at dei difor fann tida rett for eit sal. Selskapet heldt på namnet sitt etter eigarskiftet, og Bjørn Vegsundvåg heldt fram som dagleg leiar av rørleggarbedrifta.

Ø. Uri & Sønn hadde i 2013 ei omsetning på 40 millionar kroner.

Kjelde

  • Sykkylvsbladet 4.4.2014.
  • Vestlandsnytt 4.4.2014.