Øyskogen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 22: Linje 22:
Fil:Gravhaugar Øyskogen 1 .jpg|Vi ser ein del av bygningane til Fyresdal bygdemuseum mellom gravhaugar i Øyskogen. Vegen er Meieribakken. Fotograf: Olav Momrak-Haugan. 2010
Fil:Gravhaugar Øyskogen 1 .jpg|Vi ser ein del av bygningane til Fyresdal bygdemuseum mellom gravhaugar i Øyskogen. Vegen er Meieribakken. Fotograf: Olav Momrak-Haugan. 2010
Fil:Gravhaugar Øyskogen 2 .jpg|Husrekka i bakgrunnen er i Folkestadgata. Til venstre, nord for muren og Meieribakken, skimtar ein nokre av gravhaugane mellom husrekkene der. Fotograf: Olav Momrak-Haugan. 2010
Fil:Gravhaugar Øyskogen 2 .jpg|Husrekka i bakgrunnen er i Folkestadgata. Til venstre, nord for muren og Meieribakken, skimtar ein nokre av gravhaugane mellom husrekkene der. Fotograf: Olav Momrak-Haugan. 2010
Fil:Gravhaugar Øyskogen 3 .jpg|Vi ser her nokre av gravhaugane som ligg nord for parken og mellom husrekkene der. I 2023 særs godt teke vare på. Foto: Olav Momrak-Haugan. 2010
</gallery>Kjelder og til utdjupande lesnad
</gallery>Kjelder og til utdjupande lesnad



Sideversjonen fra 23. sep. 2023 kl. 09:41

Øyskogen med gravhaugar og furutre (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Øyskogen ligg midt i sentrum av Fyresdal og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag som utgjer ein del av Fyresdal Bygdemuseum. Presten Iver Andreas Teisner var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen og som takk for dette fekk han ein stor bauta sentralt i området.

Tettstaden Folkestadbyen ligg heilt inntil Øyskogen, denne vaks raskt fram frå 1850 åra, og på eit par område overlappar dei kvarandre. Einar Stoltenberg gjorde i 1939 ei registrering av gravhaugane i feltet, teikna dei inn på eit kart, og kom til at det var 21 stykke. Sjølv om det har vore ein del utbygging i området etter dette tidspunktet, så har ikkje gravhaugane blitt direkte påverka av det. Eit unnatak er haug nr. 20 og 21 som delvis er kome under eit uthus. Kommunen sitt arealplankart frå 2001 syner relasjonen mellom gravhaugar og bygningar, det gjeng tydeleg fram av dette at dei stort sett er uavhengige av kvarandre, men ligg innimellom kvarandre.

Tusenårsstad

Øyskogen er ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin 1000-års stad.

Minnesmerke for prost Teisner (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

Eksterne lenker


Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Bjercke, Kari Benedikte: Desimering av fornminner. Gjennom et halvt århundre. En komparativ analyse med materiale fra Telemark. (Skien og Fyresdal.) Hovedfagsoppgave i nordisk arkeologi. Universitetet i Oslo. Våren 2001.
  • Taraldlien, BendikFyresdal. Med bilæte.  Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo. (s. 79) (Eigentleg bind 2.)