A. Riksheim Kurvmøbelfabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(lenkjer)
Linje 1: Linje 1:
'''A. Riksheim Kurvmøbelfabrikk''' var ein tidlegare korgmøbelverkstad i Sykkylven. Andreas Riksheim etablerte verksemda i 1913.
'''[[A. Riksheim Kurvmøbelfabrikk]]''' var ein korgmøbelverkstad i Sykkylven. [[Andreas Riksheim]] etablerte verksemda i 1913.

Andreas Riksheim måtte tidleg ut for å tene til livsopphald. Då han var to år gammal, omkom faren på sjøen, og som 11-åring kom Andreas i teneste på Langlo på [[Stranda]]. På nabotunet heldt [[P.I. Langlo]] til med korgmakarverkstad i kjellaren. Her fekk Andreas gå i lære mellom gardsvinnene.

Linje 11: Linje 11:
Andreas Riksheim heldt fram å lage korgmøblar sjølv om lenestolane utover i trettiåra tok over meir og meir av kjøparinteressa. Stoppa korgstolar hadde eit eksklusivt særpreg som appelerte til kjøpargrupper lenge enno.

Frå slutten av trettiåra kom son til Andreas, Oddleif Riksheim, med i produksjonen. Fram til Andreas døydde i 1966 var det dei to som utgjorde arbeidsstokken.
Frå slutten av trettiåra kom son til Andreas, Oddleif Riksheim, med i produksjonen. Fram til Andreas døydde i 1966, var det dei to som utgjorde arbeidsstokken.

Då Oddleif tok over eineansvaret, vart drifta spesialisert omkring klebankarar og spanskrør. Han leverte bankarane til eit fast grossistsamband. Konkurransen frå lågkostlanda vart tyngjande også i denne bransjen. Halvfabrikata importerte frå Søraust-Asia stetta etter kvart det norske behovet for korgflettingsprodukt. Oddleif Riksheim fletta klebankarar og laga andre korgvarer som hobbyarbeid til langt ut i pensjonistalderen.

==Kjelde==
==Kjelde==
* Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.
*[[Eldar Høidal]]: [http://www.nb.no/utlevering/contentview.jsf?urn=URN:NBN:no-nb_digibok_2007081004004 ''Industrisoge for Sykkylven''. Sykkylven 1990.]

[[Kategori:Møbelindustri]]
[[Kategori:Møbelindustri]]

Sideversjonen fra 23. sep. 2013 kl. 09:46

A. Riksheim Kurvmøbelfabrikk var ein korgmøbelverkstad i Sykkylven. Andreas Riksheim etablerte verksemda i 1913.

Andreas Riksheim måtte tidleg ut for å tene til livsopphald. Då han var to år gammal, omkom faren på sjøen, og som 11-åring kom Andreas i teneste på Langlo på Stranda. På nabotunet heldt P.I. Langlo til med korgmakarverkstad i kjellaren. Her fekk Andreas gå i lære mellom gardsvinnene.

I 1913 flytta han attende til Riksheim og byrja å lage korgvarer for eiga rekning. Han heldt til i ei gammal kårstove i Pegarden på Riksheim. Opphavleg hadde familien ått ein gard på Bakkane på Riksheim, men den måtte dei forlate då familiefaren kom bort på sjøen.

Frå først av laga Andreas mest korger. Fletta stolar og bord gjekk det også ein del av.

I 1918 flytta han over fjorden og heldt fram med produksjonen i eit hus på Syvermyrane på Tjønes. I 1920 fekk han kjøpe bruket Myra lenger oppe i bakkane på Tjønes. Han vølte først den gamle stova som var på plassen. Sidan bygde han nytt stovehus, der han fekk verkstad i kjellaren. Produksjonen var stolar, bord, sjukekorger, baby- og klekorger og klebankarar. Til vanleg var Andreas Riksheim åleine i verkstaden, men han hadde somtid læregutar som fekk vere der nokre veker eller månader. Jens E. Ekornes var ein av dei som fekk innføring i møbelframstilling hos korgmakaren på Tjønes.

Kjelde