Alvhild Aa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Alvhild Aa f. Hjorteset (1916-2018) var truleg den første kvinnelige sjåføren i eit ruteselskap. Ho arbeidde som sjåfør i Hyen billag frå 1936. Det var far til Alvhild, Anders Rasmusson Hjorteset som skipa billaget, og det var han som oppmoda dottera til å ta førarkort.

Yrkesliv

Alvhild tok førarkort i august 1936, og fekk året etter utvida for lastebil og persontransport. Dette var lenge før det var vanleg at kvinner kjørte bil. Ho lærte å køyre bil av "Smeden" Nils Holme, som var den første sjåføren faren leigde i Hyen Billag


Slekt og familie

Alvhild var nest eldst i ein syskenflokk på elleve og var god hjelp for mor si, Dortea Jakobsdatter (f.Røyrvik). Alvhild og systra Magnhild gifta seg med kvar sin bror, Bertel og Olav Aa. Brørne som etablerte båtbyggeriet Brødrene Aa.