Amund Mork: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Kjelder og litteratur: Norske skolefolk-mal)
Ingen redigeringsforklaring
 
(6 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Amund Mork]]''' (fødd 15. desember 1884 i [[Fosnes]] i [[Oppstryn]], død 1964) var ein lærar og bygdediktar frå [[Oppstryn]]. Han var son av bonde og fanejunkar Ivar Mork og Synneva f. Fodnes. Etter eksamen ved [[Volda lærarskule]] i 1908 vart han tilsett ved framhaldsskulen i Oppstryn, men alt året etter byrja han som lærar i [[Erdal]] i [[Stryn]]. Han var gift med Tora f. Tenden, og dei fekk to sønner og ei dotter.
'''[[Amund Mork]]''' (fødd 15. desember 1884 i [[Fosnes]] i [[Oppstryn]], død 1964) var ein lærar og bygdediktar frå [[Oppstryn]]. Han var son av bonde og [[Fanejunker|fanejunkar]] Ivar Mork og Synneva f. Fodnes. Etter eksamen ved [[Volda lærarskule]] i 1908 vart han tilsett ved [[framhaldsskule]]n i Oppstryn, men alt året etter byrja han som lærar i [[Erdal krins (Stryn)|Erdal]] i [[Stryn]]. Han var gift med Tora f. Tenden, og dei fekk to sønner og ei dotter.


Mork var aktiv ungdomslagsmann, mellom anna styremedlem i [[Firda ungdomslag]], og tala og skreiv mykje. I 1931 gav Amund Mork ut diktsamlinga ''Vestavind'', same året som han skreiv «Nordfjord-sangen».
Mork var aktiv ungdomslagsmann, mellom anna styremedlem i [[Firda ungdomslag]], og tala og skreiv mykje. I 1931 gav Amund Mork ut diktsamlinga ''Vestavind'', same året som han skreiv «Nordfjord-sangen».
Linje 38: Linje 38:
== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==


{{Norske skolefolk 1934}}
* {{Norske skolefolk 1934}}.
 
==Eksterne lenkjer==
 
* {{hbr1-1|pf01036745000986|Amund Mork}}.




Linje 46: Linje 50:
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[kategori:Stryn kommune]]
[[Kategori:Stryn kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1884]]
[[Kategori:Fødsler i 1884]]
[[Kategori:Dødsfall i 1964]]
[[Kategori:Dødsfall i 1964]]
[[Kategori:Nordfjord]]
[[Kategori:Nordfjord]]
[[Kategori:Skulehistorie i Sogn og Fjordane]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 30. apr. 2024 kl. 18:03

Amund Mork (fødd 15. desember 1884 i Fosnes i Oppstryn, død 1964) var ein lærar og bygdediktar frå Oppstryn. Han var son av bonde og fanejunkar Ivar Mork og Synneva f. Fodnes. Etter eksamen ved Volda lærarskule i 1908 vart han tilsett ved framhaldsskulen i Oppstryn, men alt året etter byrja han som lærar i Erdal i Stryn. Han var gift med Tora f. Tenden, og dei fekk to sønner og ei dotter.

Mork var aktiv ungdomslagsmann, mellom anna styremedlem i Firda ungdomslag, og tala og skreiv mykje. I 1931 gav Amund Mork ut diktsamlinga Vestavind, same året som han skreiv «Nordfjord-sangen».

Nordfjord-sangen

Du Nordfjord min fagre og fjellsterke heim
du fylgde meg ut i den framande sveim.
Eg ser dine kollar og nutar og tindar,
dei skogkledde åsar og grasgrøne rindar.

Nei, aldri eg gløymer den glitrande fjord
som sølvblank der inn gjennom fjellheimen fór.
Så storfeldt og stilt han om strendene skvalar
og møtes med elvar frå fjell og frå dalar.

Og tunet den heime eg ser det så klårt,
og stova og hagen og alt som er vårt.
Det leikar i hugen når ute eg vankar,
og tidt ber det heimatt med hug og med tankar.

Me tidt gjekk på støylen og fekk oss ein graut.
Og høyrde på kulokk og lurlåt og raut.
Og sela var fulle av gjenter og gutar,
i fjellvotna spegla seg blåblanke nutar.

Eg minnest han far med dei manande ord
og mor, ho som gret då frå heimen eg fór.
Dei gav meg det beste av alt det dei visste.
Gud hjelpe og styrke dei alt til det siste.

Gud signe då Nordfjord frå brede til hav,
og takk for slik fager ein heim du oss gav.
La lukka då fylgje kvar mann og kvar kvinne.
La hugnad i heimen kvar nordfjording finne.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer