Andreas Haukland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:


== Familie ==
== Familie ==
Andreas Haukland var son av den svenske skreddaren Sven Erik Davidsen og sypike Elen Antonsdatter (f. 1844). Han gifta seg i 1913 med Elisabeth Hessler frå Tyskland.
Andreas Haukland var son av den svenske skreddaren Sven Erik Davidsen og sypike Elen Antonsdatter (f. 1844). Han gifta seg i 1913 med Elisabeth Hessler frå Tyskland. Dei hadde sonen Hauk, som døydde i ei ulukke i 1930, 11 år gammal.


== Liv ==
== Liv ==

Sideversjonen fra 19. apr. 2024 kl. 11:02

Andreas Elias Haukland (fødd 1. oktober 1873 i Mosjøen, død 9. oktober 1933 i Italia) var forfattar, ein av landets fyrste proletar- og rallardiktare, mellom anna kjend for den sjølvbiografiske romanserien om Ol-Jørgen.

Familie

Andreas Haukland var son av den svenske skreddaren Sven Erik Davidsen og sypike Elen Antonsdatter (f. 1844). Han gifta seg i 1913 med Elisabeth Hessler frå Tyskland. Dei hadde sonen Hauk, som døydde i ei ulukke i 1930, 11 år gammal.

Liv

Andreas Haukland vart fødd utanfor ekteskap og hadde ikkje kontakt med faren. 8 år gammal vart han satt bort til gården Haukland ved Mosjøen. Etter konfirmasjonen levde han eit vandrerliv som kramkar og anleggsarbeidar, fyrst på Helgeland, seinare i Sør-Noreg og i Sverige.

Etter at Haukland i 1913 gifta seg med Elisabeth Hessler slo ekteparet seg ned på Austlandet. Haukland var gardbrukar, men gjekk konkurs i 1922. Etter eit opphold i Tyskland busatte ekteparet seg på Capri i Italia.

Den eigentlege debuten til Haukland som forfattar kom i 1902 med novellesamlinga Bonsaks fortællinger. Historier fra Nordland. I 1902 kom óg fyrste band av den sjølbiografiske romanserien om Ol-Jørgen. I alt utgav Haukland fire bøker om Ol-Jørgen, som reknast som houvedverket hans.

Haukland gav óg ut naturlyriske bøker, som i samtiden vart godt teken imot blant kritikare og lesare, og han gjorde forsøk som samtidsdiktar.

Den etterlatte boksamlinga til Haukland, samen med manuskripter, er oppbevart på folkebiblioteket i Mosjøen.

Kilder