Aure Teglverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. aug. 2011 kl. 18:49 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Aure Teglverk er den eldste industribedrifta i Sykkylven og også mellom dei første industritiltaka på Sunnmøre. Verksemda er omtala i Jens Kraft sin Beskrivelse over Kongeriget Norge i ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure Teglverk er den eldste industribedrifta i Sykkylven og også mellom dei første industritiltaka på Sunnmøre. Verksemda er omtala i Jens Kraft sin Beskrivelse over Kongeriget Norge i 1832; "et maadelig drevet Teglverk paa Gaarden Overdal i Søkelven Sogn". Vi finn også verket att i amtmannen si femårsmelding for 1836-40. Han karakteriserer verket som eit lite teglverk som årleg produserte om lag 3000 takstein, 3000 doble murstein og like mange enkle murstein. Steinen vart seld til Ålesund og andre stader i fogderiet.

Kjelde

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.