Aure Teglverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure Teglverk er den eldste industribedrifta i Sykkylven og også mellom dei aller første industritiltaka på Sunnmøre. Teglverket er først nemnt i skriftlege kjelder i 1814. Då søkte Nils L. Aure på Aurebøen og Lars Karl A. Are i Kapralgarden dei andre oppsitjarane på Aure-garden om løyve til å vinne ut leire på den staden som framleis vert kalla Verket. Seinare finn vi at teglverket i Jens Kraft sin Beskrivelse over Kongeriget Norge i 1832; "et maadelig drevet Teglverk paa Gaarden Overdal i Søkelven Sogn". Vi finn også verket att i amtmannen si femårsmelding for 1836-40. Han karakteriserer det som eit lite teglverk som årleg produserte om lag 3000 takstein, 3000 doble murstein og like mange enkle murstein. Steinen vart seld til Ålesund og andre stader i fogderiet.

Frå midten av 1840-åra låg verket nede, men i 1854 vart det teke opp att. Først frå dette året vart det eit større omfang på produksjonen. Det året vart det laga 140000 murstein, og like store var produksjonen det fylgjande året. Då vart det i tillegg laga 2000 teglstein.

Kjelde

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.