Austefjorden (Volda): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 8: | Linje 8: | ||
*[[Håvik notlag]] hadde nothenge og naust i Skorneset. | *[[Håvik notlag]] hadde nothenge og naust i Skorneset. | ||
I [[Høydalen]] var eit stornotalag som omfatta mest heile bygda, men på slutten av 1940-talet vart laget delt. Då skipa [[Høydalsvik notlag|Høydalsvik eige notlag]] og tok over naustet som óg var nothenge. Det stod mellom nausta til Knut og Ola Høydalsvik. Dei andre medlemane i notlaget kalla sitt lag [[Høydal notlag]]. Dei bygde naust i Bøstranda. | I [[Høydalen (Volda)|Høydalen]] var eit stornotalag som omfatta mest heile bygda, men på slutten av 1940-talet vart laget delt. Då skipa [[Høydalsvik notlag|Høydalsvik eige notlag]] og tok over naustet som óg var nothenge. Det stod mellom nausta til Knut og Ola Høydalsvik. Dei andre medlemane i notlaget kalla sitt lag [[Høydal notlag]]. Dei bygde naust i Bøstranda. | ||
I tillegg til desse var det mange som hadde små nøter, kastenøter, det kunne vera to eller fleire som gjekk i lag. | I tillegg til desse var det mange som hadde små nøter, kastenøter, det kunne vera to eller fleire som gjekk i lag. |
Sideversjonen fra 22. des. 2009 kl. 05:47
Austefjorden er både nemninga på inste delen av Voldsfjorden (innafor Furneset etter kartet) og eit bygdelag i Volda kommune. Bygdelaget består ifølge den nye Busetnadssoga av dei mindre grendene / skulekrinsane Follabygda (Håvik krins), Fyrde, Kalvassbygda (Kalvatn) og Årset. Fyrde er sentrum i bygdelaget mellom anna med Austefjord kyrkje.
Notlag
Det har vore mange notlag i Austefjorden bak i tida. Kor mange og kven som var med i der ymse laga er ikkje lett å dokumentere. I fyrste åra etter andre verdskrigen var det fire lag:
- Holsvik notlag som hadde naust, nothenge og båt i Holmen, Holsvika.
- Aurstad notlag hadde sin base på Aurstad med naust og nothenge.
- Håvik notlag hadde nothenge og naust i Skorneset.
I Høydalen var eit stornotalag som omfatta mest heile bygda, men på slutten av 1940-talet vart laget delt. Då skipa Høydalsvik eige notlag og tok over naustet som óg var nothenge. Det stod mellom nausta til Knut og Ola Høydalsvik. Dei andre medlemane i notlaget kalla sitt lag Høydal notlag. Dei bygde naust i Bøstranda.
I tillegg til desse var det mange som hadde små nøter, kastenøter, det kunne vera to eller fleire som gjekk i lag.
<googlemap version="0.9" lat="62.063859" lon="6.311302" type="map"></googlemap>
Bilde frå Austefjorden
Litteratur
- Busetnadssoga for Volda. Band 3: Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda. Volda kommune 2007.