Austsamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. nov. 2023 kl. 13:26 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:a» til «[[Kategori:A»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skoltebask, ein typisk austsamisk småbåt, frå Petsjenga.
Foto: Olve Utne (2009).

Austsamar utgjer den nordaustligaste hovudgruppa av samane. Det tradisjonelt austsamiske området inkluderer deler av Sør-Varanger i Norge og Inare i Finland, så vel som det meste av Kolahalvøya i Russland. Austsamane blir inndelt i skoltesamar, akkalasamar, kildinsamar og tersamar. I tillegg utgjer enaresamane ei overgangsgruppe mellom austsamar og nordsamar. Av alle desse gruppene er det skoltesamane som har tilknytning til Norge.