Bømlo: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Bømlo''' er den største øya i Bømlo kommune i Sunnhordland. Den er delt i to av Kulleseidkanalen, og dei to delane har eit samla areal på 169,90 kvardratkilometer…) |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
* [https://www.kartverket.no/Kunnskap/Fakta-om-Norge/Storste-oy/Tabell/ 100 største øyene i Norge], Kartverket. | * [https://www.kartverket.no/Kunnskap/Fakta-om-Norge/Storste-oy/Tabell/ 100 største øyene i Norge], Kartverket. | ||
[[ | [[Kategori:Øyer]] | ||
[[ | [[Kategori:Bømlo kommune]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 9. nov. 2023 kl. 13:29
Bømlo er den største øya i Bømlo kommune i Sunnhordland. Den er delt i to av Kulleseidkanalen, og dei to delane har eit samla areal på 169,90 kvardratkilometer. Det skulle gjere øya til den 25. største i Noreg, men Kartverket reknar ho som to øyer, Bømlo og Bømlo-2, som kjem på 45. og 61. plass.
Den nordlege delen av øya er i stor grad dekt av myr og nakent kystlandskap, medan det i sør er frodigare jord. Dei største busetningane er kommunesenteret Svortland, Rubbestadneset, Foldrøyhamn, Langevåg og Melagsvågen. Det er brusamband til andre øyer i området, som Moster, Goddo, Hiskjo, Aga og Spyssøya.
Det høgste punktet på øya er Siggjo, med topp på 474 moh. Det særmerkte fjellet har i uminneleg tid vore eit viktig landemerke for sjøfarten, og ein kan sjå det heilt frå Byfjellene i Bergen.
Namnet kjem frå norrønt Bymbil, som er avleda av bembel, 'navle' eller 'mage'. Truleg er det fjellet Siggjo som er opphav til namnet; det gjer øya ein profil som kan minne om ein uppsvollen mage.
Litteratur og kjelder
- Bømlo (øy) på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- 100 største øyene i Norge, Kartverket.