Bakkane (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{Infoboks gard (nynorsk) | bgfarge = | navn = Bakkane | bilde = | bildestr = | bildetekst = | altnavn = Snøtunsbakkane, Snethunsbakkene | førstne...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 22: Linje 22:
'''Bakkane''' (Luster, gnr. 209/2) er eit gardsbruk i [[Krundalen]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Bruket høyrer under matrikkelgarden [[Snøtun (Jostedalen)|Snøtun]].
'''Bakkane''' (Luster, gnr. 209/2) er eit gardsbruk i [[Krundalen]] i [[Jostedal|Jostedalen]], [[Luster kommune]]. Bruket høyrer under matrikkelgarden [[Snøtun (Jostedalen)|Snøtun]].


Bakkan vart rydda som husmannsplass kring 1774 og vart matrikulert gjennom ei deling av Snøtun i to jamstore bruk i 1800.
==Husmannsplass==
Den fyrste husmannen ein kjenner til i Bakkane er Paul Anderson Krokgjelet frå [[Haugen (Jostedalen)|Haugen]] som flytte nygift til Bakkane i 1774, og det skal visstnok ha vore han som rydda plassen. I åra 1792-1795 budde eigaren av Snøtun sjølv i Bakkane, og detet må då reknast som hovudbruket på Snøtun i desse åra.
 
==Gardsbruk==
Det var den siste eigaren som hadde Snøtun samla, [[Peder Andersson Snøtun]], som stod føre dei to bruksdelingane som har vore. Då han i 1792 overtok Snøtun etter far sin, vart han buande i Bakkane til 1795. Etter dette budde han andre stader i bygda til 1813, og ved skøyte 8. oktober 1800 overdrog han det gamle hovudbruket på Snøtun til bror sin [[Ole Andersson Snøtun]] medan Anders sjølv heldt på Bakkane. Frå dette tidspunktet var Bakkane og Snøtun såleis separate bruk.
 
Peder heldt likevel fram med å leiga ut Bakkane og flytte ikkje hit med huslyden sin før i 1813. Ved ei delingsforretning 7. juni 1825 delte han så Bakkane i to jamstore bruk, Bakkane og [[Reina (Jostedalen)|Reina]] (Røysi). Sonen [[Lars Pederson Snøtun]] hadde teke over styringa av heimebruket Bakkane kring 1824, men utan å få skøyte. Peder og kona hans Johanna ordna seg så for alderdomen den 14. juni 1827. Sonen Lars fekk då skøyte på Reina medan bror til Peder, [[Anders Andersson Snøtunsbakken]], fekk skøyte på Bakkane, båe mot å yta kår til Peder og Johanna.
 
==Snøskred 1849 - flytting av tunet==
Det gamle tunet i Bakkane låg ca 150 opp (nord) for dagens fylkesveg på høgd med tunet på Snøtun. Den 26. januar vart 11 av 13 dei gardshusa i Bakkane tekne av eit stort snøskred.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1579 Snøskred i Krundalen 1849], Jostedal historielag</ref> Av dei to husa som berga, var det eine nedsnødd (!) medan det andre var stovehuset, og ingen menneske kom til skade. Men krøtter og avling gjekk tapt. Eigaren av bruket budde på [[Grov (Jostedalen)|Grov]], der han òg åtte eit bruk, så det var innersten Guttorm Olson og huslyden hans som var der då skreda kom. Kona til Guttorm, Siri Knudsdotter, var høggravid på dette tidspunktet, og ho greidde å ta seg fram gjennom snøen til [[Haugen (Jostedalen)|Haugen]] der ho fødde dottera Britha 31. januar.
 
Guttorm og Siri flytte frå Bakkane etter ulukka og vart plassfolk på Nedstegjerdet under [[Ormberg (Jostedalen)|Ormberg]].<ref>Øyane 1994, s. 104-105</ref>. Det er uvisst om det budde folk i Bakkane før 1863. Kring 1877 skal eit nytt stovehus ha vorte oppsett ved [[Krundøla]] på nedsida av fylkesvegen, og det er rimeleg om det var på denne tida heile tunet vart flytt. Årsaka til flyttinga var nok skredulukka i 1849.  
 
==Notar==
<references/>


==Litteratur==
==Litteratur==

Sideversjonen fra 6. apr. 2011 kl. 07:46

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Bakkane (Luster, gnr. 209/2) er eit gardsbruk i Krundalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Snøtun.

Husmannsplass

Den fyrste husmannen ein kjenner til i Bakkane er Paul Anderson Krokgjelet frå Haugen som flytte nygift til Bakkane i 1774, og det skal visstnok ha vore han som rydda plassen. I åra 1792-1795 budde eigaren av Snøtun sjølv i Bakkane, og detet må då reknast som hovudbruket på Snøtun i desse åra.

Gardsbruk

Det var den siste eigaren som hadde Snøtun samla, Peder Andersson Snøtun, som stod føre dei to bruksdelingane som har vore. Då han i 1792 overtok Snøtun etter far sin, vart han buande i Bakkane til 1795. Etter dette budde han andre stader i bygda til 1813, og ved skøyte 8. oktober 1800 overdrog han det gamle hovudbruket på Snøtun til bror sin Ole Andersson Snøtun medan Anders sjølv heldt på Bakkane. Frå dette tidspunktet var Bakkane og Snøtun såleis separate bruk.

Peder heldt likevel fram med å leiga ut Bakkane og flytte ikkje hit med huslyden sin før i 1813. Ved ei delingsforretning 7. juni 1825 delte han så Bakkane i to jamstore bruk, Bakkane og Reina (Røysi). Sonen Lars Pederson Snøtun hadde teke over styringa av heimebruket Bakkane kring 1824, men utan å få skøyte. Peder og kona hans Johanna ordna seg så for alderdomen den 14. juni 1827. Sonen Lars fekk då skøyte på Reina medan bror til Peder, Anders Andersson Snøtunsbakken, fekk skøyte på Bakkane, båe mot å yta kår til Peder og Johanna.

Snøskred 1849 - flytting av tunet

Det gamle tunet i Bakkane låg ca 150 opp (nord) for dagens fylkesveg på høgd med tunet på Snøtun. Den 26. januar vart 11 av 13 dei gardshusa i Bakkane tekne av eit stort snøskred.[1] Av dei to husa som berga, var det eine nedsnødd (!) medan det andre var stovehuset, og ingen menneske kom til skade. Men krøtter og avling gjekk tapt. Eigaren av bruket budde på Grov, der han òg åtte eit bruk, så det var innersten Guttorm Olson og huslyden hans som var der då skreda kom. Kona til Guttorm, Siri Knudsdotter, var høggravid på dette tidspunktet, og ho greidde å ta seg fram gjennom snøen til Haugen der ho fødde dottera Britha 31. januar.

Guttorm og Siri flytte frå Bakkane etter ulukka og vart plassfolk på Nedstegjerdet under Ormberg.[2]. Det er uvisst om det budde folk i Bakkane før 1863. Kring 1877 skal eit nytt stovehus ha vorte oppsett ved Krundøla på nedsida av fylkesvegen, og det er rimeleg om det var på denne tida heile tunet vart flytt. Årsaka til flyttinga var nok skredulukka i 1849.

Notar

  1. Snøskred i Krundalen 1849, Jostedal historielag
  2. Øyane 1994, s. 104-105

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 839-861. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Snøtun», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk