Bankplassen Kiosk og Grillbar: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:
I tillegg til handelen i kiosken dreiv firmaet i mange år eit moderne gatekjøkken i same bygget. Eit agentur i sukkervarer høyrde også med.

Etter planane for den nye riksvegen gjennom Aure sentrum kom delar av kioskbygget til å stå i veglina. Dei måtte difor sjå seg om etter ny tomt og byggegrunn fann dei midt i sentrum der Søkkelven og Omegns Privatbank tidlegare hadde halde til. Der reiste Bastian Aure eit bygg på 300 m2 med to høgder og kjellar. Bastian Aure dreiv der i tillegg til kiosk også grillbar og serveringsstad i kjellaren. Tidleg på 2000-tallet tok Eli Igelkjønn og dottera hennar, Anita, over drifta og heldt fram i omlag same spor.  
Etter planane for den nye riksvegen gjennom Aure sentrum kom delar av kioskbygget til å stå i veglina. Dei måtte difor sjå seg om etter ny tomt, og byggegrunn fann dei midt i sentrum der Søkkelven og Omegns Privatbank tidlegare hadde halde til. Der reiste Bastian Aure eit bygg på 300 m2 med to høgder og kjellar. Bastian Aure dreiv der i tillegg til kiosk også grillbar og serveringsstad i kjellaren. Tidleg på 2000-tallet tok Eli Igelkjønn og dottera hennar, Anita, over drifta og heldt fram i omlag same spor.  

Bankplassen har vore ein populær møtestad for unge og eldre. Bastian Aure hadde stor interesse for hestesport og utvikla ei avdeling for dei hestesportinteresserte med skjermar som viser travløp over heile landet. Bankplassen har også i ei årrekkje arrangert bygdequizar. Verksemda er elles kjend for sin assorterte pizzameny.

Sideversjonen fra 22. mar. 2015 kl. 11:06

Bankplassen Kiosk & Grillbar er ein kiosk og serveringsstad i Aure sentrum i Sykkylven kommune. Forretninga vart etablert av Alf Aure i 1950 som kiosk og bensinstasjon. Han og kona Åsta Aure hadde drive ymse slag agentur i mange år då dei i 1950 byrja med forretningsverksemd ved ferjekaia i Aure sentrum. Bensinstasjonen vart lagt ned i 1968, men kioskdrifta utvikla seg positivt, og same året vart ei større ombygging og modernisering ferdig. Sonen, Bastian Aure, kom tidleg med i forretninga, og frå omkring 1970 stod han føre den daglege drifta. I tillegg til handelen i kiosken dreiv firmaet i mange år eit moderne gatekjøkken i same bygget. Eit agentur i sukkervarer høyrde også med.

Etter planane for den nye riksvegen gjennom Aure sentrum kom delar av kioskbygget til å stå i veglina. Dei måtte difor sjå seg om etter ny tomt, og byggegrunn fann dei midt i sentrum der Søkkelven og Omegns Privatbank tidlegare hadde halde til. Der reiste Bastian Aure eit bygg på 300 m2 med to høgder og kjellar. Bastian Aure dreiv der i tillegg til kiosk også grillbar og serveringsstad i kjellaren. Tidleg på 2000-tallet tok Eli Igelkjønn og dottera hennar, Anita, over drifta og heldt fram i omlag same spor.

Bankplassen har vore ein populær møtestad for unge og eldre. Bastian Aure hadde stor interesse for hestesport og utvikla ei avdeling for dei hestesportinteresserte med skjermar som viser travløp over heile landet. Bankplassen har også i ei årrekkje arrangert bygdequizar. Verksemda er elles kjend for sin assorterte pizzameny.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983