Bendik Taraldlien: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 5: | Linje 5: | ||
Med omsyn til skogbruk vart han formann for Bratsberg Amts Skogselskap (seinare Telemark Skogselskap) då dette vart stifta 9. mars 1900. Han var og formann i lokalt skogeigarlag som då heitte Fyri Skogeigarlag, og hadde slik stor påverknadskraft i skogspørsmål.. Han reiste mykje rundt for å fremje skogsaka og i 1916 skreiv han ein artikkel ”Privatskogen av B. Taraldlien”. Han var medlem i heradstyret i Fyresdal i 25 år og formann i forstandarskapet i Fyresdal sparebank i 43 år. Han var sterkt samfunnsengasjert og skreiv ei rekke artiklar og bøker. | Med omsyn til skogbruk vart han formann for Bratsberg Amts Skogselskap (seinare Telemark Skogselskap) då dette vart stifta 9. mars 1900. Han var og formann i lokalt skogeigarlag som då heitte Fyri Skogeigarlag, og hadde slik stor påverknadskraft i skogspørsmål.. Han reiste mykje rundt for å fremje skogsaka og i 1916 skreiv han ein artikkel ”Privatskogen av B. Taraldlien”. Han var medlem i heradstyret i Fyresdal i 25 år og formann i forstandarskapet i Fyresdal sparebank i 43 år. Han var sterkt samfunnsengasjert og skreiv ei rekke artiklar og bøker. | ||
På eit årsmøte i ”Fyresdals Vel” 9. mars 1909 vart det etter framlegg frå han sett ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum for Fyresdal. Dette var oppstarten til Fyresdal Bygdemuseum. | På eit årsmøte i ”Fyresdals Vel” 9. mars 1909 vart det etter framlegg frå han sett ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum for Fyresdal. Dette var oppstarten til [[Fyresdal Bygdemuseum|Fyresdal Bygdemuseum]]. | ||
Han var tidleg ute med å skrive ei bygdebok. Fyrst kom | Han var tidleg ute med å skrive ei bygdebok. Fyrst kom |
Sideversjonen fra 1. mai 2011 kl. 18:14
Bendik Kjetilson Taraldlien (1863-1951), fødd i Fyresdal og død same stad, var gardbrukar, skogbrukar, sogeskrivar og fotograf. Garden er Taraldlien Gnr. 45 og foreldra var Kjetil Bendikson Taraldlien (1834-1900) og Ingebjørg Gunleiksdotter Slystøyl (1832-1901).
Mykje av æra for at Fyresdal tidleg var i forkant av utviklinga innan skogbruket kan tilskrivast han. Han fekk utdanning ved ”Den høiere landbruksskole i Aas” og var lærar på landbruksskulen på Søve i Telemark til han tok over farsgarden i 1897.
Med omsyn til skogbruk vart han formann for Bratsberg Amts Skogselskap (seinare Telemark Skogselskap) då dette vart stifta 9. mars 1900. Han var og formann i lokalt skogeigarlag som då heitte Fyri Skogeigarlag, og hadde slik stor påverknadskraft i skogspørsmål.. Han reiste mykje rundt for å fremje skogsaka og i 1916 skreiv han ein artikkel ”Privatskogen av B. Taraldlien”. Han var medlem i heradstyret i Fyresdal i 25 år og formann i forstandarskapet i Fyresdal sparebank i 43 år. Han var sterkt samfunnsengasjert og skreiv ei rekke artiklar og bøker.
På eit årsmøte i ”Fyresdals Vel” 9. mars 1909 vart det etter framlegg frå han sett ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum for Fyresdal. Dette var oppstarten til Fyresdal Bygdemuseum.
Han var tidleg ute med å skrive ei bygdebok. Fyrst kom ”Fyresdal”. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
Og så eit vidare arbeid: ”Fyresdal”. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo.
Han skreiv:
- Telemark: Gamal og ny tid. 1930
- Livs-lagnad. 1926
- Fraa gard og heid. Skildring fraa Telemark. 1924
Som fotograf var han sers aktiv og tok ei rekkje fotografi av stader, bygningar og ikkje minst av situasjonar i det daglege folkelivet i Fyresdal. Glasplatesamlinga er i 2011 trygt oppbevara på Telemark Museum og vert vonleg etter kvart tilgjengeleg på Digitalt Museum.
Kjelder:
- Steinar Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
- Lars Veum: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009
- Lars Veum: Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal. Fyresdal skogeigarlag 1911-2011