Bolette Pavels Larsen: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 4: | Linje 4: | ||
Bolette Pavels Larsen var ein kunnig litteraturmeldar og gav verdfull støtte til nynorsk litteratur. Ho brevveksla med ei heil rekkje kjende personar. Brevsamlinga hennar er ivareteke i Bergens Museum og inneheld m.a. brev frå Garborg og Hamsun. | Bolette Pavels Larsen var ein kunnig litteraturmeldar og gav verdfull støtte til nynorsk litteratur. Ho brevveksla med ei heil rekkje kjende personar. Brevsamlinga hennar er ivareteke i Bergens Museum og inneheld m.a. brev frå Garborg og Hamsun. | ||
Boka ''Artiklar, kritikk, forteljingar og brev'', presentasjon og utval ved Idar Stegane, kom ved 150-årsminnet i 1997. | |||
== Kjelder og litteratur == | == Kjelder og litteratur == | ||
Eskeland, Severin: artikkel i ''Norsk allkunnebok'' band VII. Oslo 1957. | Eskeland, Severin: artikkel i ''Norsk allkunnebok'' band VII. Oslo 1957. | ||
Winsnes, A.H.: artikkel i ''Norsk biografisk leksikon'' bind VIII. Oslo 1938. | |||
{{Spire}} | {{Spire}} |
Sideversjonen fra 3. mar. 2017 kl. 10:38
Bolette Pavels Larsen (fødd 1847 i Sogndal, død 1904 i Bergen) var norsk forfattar. Foreldra var prokurator Jonas Lund og Inger Marie Munthe. Ho var gift med bankfullmektig Ole Johan Larsen (f. 1845, d. 1928).
Ho omsette mange av forteljingane til den svenske folkelivsskildraren Henrik Wranér, og gjorde dei heimlege med ei fri attgjeving på sognemål. Dei kom i boka Staaveprat (1888) og i Smaastubbar (1888). Eigne stykke gav ho ut i 1897 under tittelen Smaome skjeldringa; stykka kom òg på bokmål, Smaa skildringer, same året. I 1902 kom Kløver og klunger.
Bolette Pavels Larsen var ein kunnig litteraturmeldar og gav verdfull støtte til nynorsk litteratur. Ho brevveksla med ei heil rekkje kjende personar. Brevsamlinga hennar er ivareteke i Bergens Museum og inneheld m.a. brev frå Garborg og Hamsun.
Boka Artiklar, kritikk, forteljingar og brev, presentasjon og utval ved Idar Stegane, kom ved 150-årsminnet i 1997.
Kjelder og litteratur
Eskeland, Severin: artikkel i Norsk allkunnebok band VII. Oslo 1957. Winsnes, A.H.: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind VIII. Oslo 1938.
|